Norsk målstemna

Norsk målstemna 2019

Posted on

Sundag 29de september i OsloI lag med Måldyrkingslaget og målnemndi åt Bondeungdomslaget byd Høgnorskringen inn til målstemna um færøysk og norsk målreiseing. Me hyller V.U. Hammershaimb og den færøyske målreisingi. I år er det 200 år sidan Hammershaimb vart fødd i Kaupmannahamn. Hammershaimb er mannen attum lina som vart førande for målreisingi der. Me ser på den færøyske målreisingi med […]

Uncategorized

Høgnorsk målreising

Posted on

Heftet «Høgnorsk målreising» av Jostein Krokvik vart gjeve ut av Høgnorskringen i 1997. Heile teksti i heftet er utlagd på netsida åt Ivar Aasen-sambandet.

Uncategorized

Soga um Sindbad farmann

Posted on

I boki «Von og veg» åtvara Nikolaus Gjelsvik mot at unorske segjemåtar og ordbering kjem inn i elles nynorskt mål. Verre en framandt mål i landet er det når framandt mål ter seg som det vøre norsk. Det fær oss til å tru at so skal tanken segjast på norsk. Gjelsvik krev at nynorske bladfolk og bokskrivarar «gjer seg fyre […]

Uncategorized

Høyringsfråsegn til læreplan i norsk

Posted on

Me viser til høyringi um umbøter i læreplanane for norsk som er uppe no. Høgnorskringen verkar for den klassiske nynorske skrifttradisjonen og den norske målarven, og me er på det grunnlaget heilt upp samde i at «[n]orskfaget skal gi elevene innsikt i den rike og mangfoldige språk- og kulturarven i Norge», og at elevane «skal […] bli trygge språkbrukere og […]

Uncategorized

Nes og Nes

Posted on

(27. april 2019) Kommunal- og moderniseringsdepartementet held fram med å rydja tradisjonsrike stadnamn ut or offisielt bruk. Med di heradi Nes i Hallingdal og Nes på Raumarike kjem inn i det same risefylket Viken, skal heita, er det fastslege at eitt av desse lyt byta namn. Stader byter då ikkje berre namn! Usamansette og ubundne, stutte og greide namn etter […]

Uncategorized

Innspel til ny språkmelding

Posted on

Innspel innsendt til Kulturdepartementet til arbeidet med ny språkmelding. Høgnorskringen tenkjer på kor stort rom klassisk norsk hev i samfundet i dag. Me peikar her på tiltak som er viktuge både for statsnynorsken og den tradisjonelle nynorsken. Me vonar at målpolitikken kann opna for at tradisjonelt mål slepp fram. Med høgnorsk elder klassisk norsk meiner me norskt mål slik det […]

Uncategorized

Innspel til Prop. 65 L (2018–2019) Endringar i stadnamnlovi

Posted on

Skriftlegt innspel sendt til familie- og kulturkomiteen på Stortinget i samband med fyrehavingi av endringar i stadnamnlovi. Høgnorskringen viser til saki som er til dryfting i familie- og kulturnemndi um brigde i stadnamnlovi (Prop. 65 L (2018–2019)). Me ser med stor uro på sume av framleggi frå regjeringi, og serleg bodskapen kulturstatsråden hev bore ut um at heradi no skal […]

Uncategorized

Torleiv Hannaas um Olav Eivindsson Austad

Posted on

aDer hev vore mange gode sogemenner i Sætesdal. Den beste av dei som liver no, er Olav Eivindsson Austad. Han er fødd på Austad 2. februar 1843 av fatige foreldre. Men det var god soge-arv i ætti på båe sidur. Faren var sogemann. Og farsysteri, Jorunn Skåmedal, og son hennar, Tarkjell Bjørnsson Skåmedal, var av dei beste i dalen på […]

Uncategorized

Kva er høgnorsk?

Posted on

Tanken attum Då Ivar Aasen atterreiste eit eige norskt skriftmål, tufta han det på måltoet i dei nedervde norske målføri, og ikkje på danskt skriftmål, som då vart bruka her i landet. Det som i dag har fått namnet den høgnorske målreisingstanken, held fram denne syni på kva som skal vera grunnlaget for norskt skriftmål. Soleis avviser høgnorskfolk ei tilnærming […]

Uncategorized

Upprop for jamstelling av i-mål og a-mål

Posted on

Me som skriv under på dette uppropet, meiner det er rett og rimeleg at dei to hovudformene av nynorsk, i-mål og a-mål, skal ha jamstelt status i den offisielle rettskrivingi. Same um dei hev ulik utbreiding, bør i-mål og a-mål ha like vilkår. Systemet med at klassiske i-former er sette i klammer, må takast burt, og typeformene soli og sola […]