Uncategorized

Høyringsnotat til fyrehavingi av nye fylkesnamn

Posted on

Notat sendt til kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget i samband med høyringi i komiteen, 24. april 2018. Sjølve den munnlege komitéhøyringi, der formannen i Høgnorskringen var med, er utlagd her på netsida til Stortinget. Høgnorskringen hev alt sagt frå til komiteen um kva me meiner um nye fylkesnamn i fråsegn frå årsmøtet 7. mars i år, send til komiteen 8. […]

Uncategorized

Haldt på dei rettelege fylkesnamni!

Posted on

I denne fråsegni gjeng årsmøtet i Høgnorskringen sterkt imot fylkesnamni Innlandet, Viken og Vestlandet. Me i Høgnorskringen lyt diverre segja oss leide for måten namnespursmål hev vore handsama i arbeidet med regionreform. Gjeng det so som etladen i regionreformi var, vert fylki styrkte med uppgåvor og mynde som gjer fylkeskommunen meir meiningsfull som folkevalt nivå enn han er no. Skal […]

Uncategorized

Nynorsk på Vestlandet er ei nasjonal uppgåva

Posted on

Høyringsfråsegn frå Høgnorskringen i høve tenestemålet i Vestlandsregionen, vedteki på årsmøtet i Høgnorskringen i Oslo 23. november 2016. I staten Noreg er nynorsk og bokmål jamstelte som offentlege skriftspråk. Det offentlege brukar like gjerne nynorsk som bokmål. Slik er det i teorien, men sidan nynorsken er teken i bruk i nokre landsluter og er meir sjeldsynt i andre, er det […]

Uncategorized

Haldt fast på nemningi fylke!

Posted on

Fråsegn vedteki på årsmøtet i Høgnorskringen, 23. november 2016. Det norske riksstyret ser ut til å vilja byta ut den norske nemningi «fylke» med «region». Årsmøtet i Høgnorskringen 2016 gjeng imot dette bytet. 1. januar 1919 kom nemningi fylke i staden for det danske «amt». I moderne tid hev soleis fylkesnemningi berre vore nytta snaudt hundrad år. Det er ikkje […]

Uncategorized

Helsing til Bjørn Bø

Posted on

Frå årsmøti i Høgnorskringen og Norsk Måldyrkingslag i 2013. Høgnorskringen og Norsk Måldyrkingslag set stor pris at medarbeidarane veit å taka vare på målarven vår og halda han i aktiv bruk. Det er stødt gildt å høyra den stilsikre og velrøkta røysti til Bjørn Bø i Politisk kvarter og Nyhendemorgon, eit ordlag han sjølv nyttar. Han hentar òg fram ord […]

Uncategorized

Tummel upp for Snjo og Millom!

Posted on

Fråsegn vedteki på årsmøti i Høgnorskringen og Norsk Måldyrkingslag i 2013. Klassisk nynorsk mål døydde ikkje ut med ny rettskriving av 1. august 2012. Me merkar oss med gleda at meieriprodukti Millom og Snjo er på marknaden og vitnar um tradisjon og norsk identitet i daglegvarebransjen. Snjo er ein type kvarg frå Q-meierii, medan Millom høyrer til brunost-typane frå Tine. […]

Uncategorized

Høyringssvar til «Utkast til reglar om fullmakter og behandlingsprosedyre i rettskrivingssaker»

Posted on

Høyringssvar innsendt til Kulturdepartementet um «Utkast til reglar om fullmakter og behandlingsprosedyre i rettskrivingssaker». Høgnorskringen takkar for å ha fenge tilsendt høyringsbrevet frå Kulturdepartementet. Som departementet torer kjenna til, hev Høgnorskringen vore usamd i den innstramingi i nynorsknormi som hev gjenge utyver dei tradisjonelle formene. Dette hev vore former som knytte målet til skrifttradisjonen frå Ivar Aasen og dessutan synt […]