Helsing til Vestmannalaget på tampen av 150-årshøgtidi

Fråsegn frå årsmøtet i Høgnorskringen 5. desember 2018.

Årsmøtet i Høgnorskringen helsar Vestmannalaget hjartans til lukka med 150 år!

Ved eit slikt leite høver det å heidra deim som gjekk fyre og skipa laget. Me ynskjer òg å heidra deim som heldt fram.

Det er vestmennene mykje å takka for at me kann segja at høgnorsken stend i ein ubroten skrifttradisjon frå Ivar Aasen til i dag. Vestmannalaget, vestmennene og tiltak som hev sprunge ut frå denne krinsen hev stridt mot samnorskrettskrivingane frå målbrigdet i 1938. Nye ættleder hev halde fast ved vestmannasynet og varda den klassiske nynorsken. Med di hev me ein livande høgnorsk me kann bjoda fram for ungdomen og nye skrivarar i dag. Eit mål som hev vore skrive av trugne målfolk i alle åri etter at målblandingi tok til, endå politiske og kulturelle straumdrag og vedteke skulemål hev fare heilt andre leider.

Bjørgvinsmålmennene i Vestmannalaget hev vore sermerkte og synlege i Bjørgvin by, på Vestlandet og for heile landet – i fylkeslaget Vestlandske Mållag, i landssamskipnaden vår Ivar Aasen-sambandet og i målrørsla elles.

Me vonar at de som kallar dykk vestmenner i dag ser til deim som gjekk fyre, og held fram som dei.

Lukka til med framhaldet!