Uncategorized

Høyringsfråsegn til læreplan i norsk

Me viser til høyringi um umbøter i læreplanane for norsk som er uppe no. Høgnorskringen verkar for den klassiske nynorske skrifttradisjonen og den norske målarven, og me er på det grunnlaget heilt upp samde i at «[n]orskfaget skal gi elevene innsikt i den rike og mangfoldige språk- og kulturarven i Norge», og at elevane «skal […] bli trygge språkbrukere og bevisste på sin egen språklige og kulturelle identitet innenfor et inkluderende felleskap der flerspråklighet blir verdsatt som en ressurs.»

Me meiner likevel at ei rad av umbøtene det er gjort framlegg um, er til meins for denne fyreloga. Det skal me gjeva nøgnare fråsegn um i det fylgjande.

Jamstelling

Etter jamstellingsvedtaket i 1885 skal regjeringi sjå til at «det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.» Det åkvædet er aldri vorte fylgt til fullnads; elevar med nynorsk til hovudmål hev ikkje same resursane til rådvelde som elevar med bokmål til hovudmål; helder ikkje fær nynorskbrukarar same rett og fridom i samfundet som bokmålsbrukarar medan styremaktene ikkje hev den kompetanse i nynorsk som mållovi set fyre.

Det er difor avgjerande at skulen gjev høve til fullgod upplæring i nynorsk for alle. Framlegget til læreplan synest likevel helder vera ei tilmåting til at upplæringi i nynorsk nettupp ikkje er fullgod. Eit døme er framlegget um å taka burt karaktergjeving i sidemål i 8. klassa; det er meiningslaust å taka burt det vanlege vurderingsverktyet i berre dette faget – um ein ikkje legg til grunn at elevane i røyndi ikkje er gjorde kjende og trygge med nynorsk gjenom sju år fyreåt. Dette framlegget er ei godtaking av det som er åfått med upplæringi i nynorsk, anten det no er resignasjon eller illvilje som er upphavet.

Høgnorskringen gjer framlegg um å styrkja upplæringi i nynorsk i staden for å byggja henne ned. Elevane i 1. klassa er reiduge og viljuge til å møta språkmangfeldet i Noreg, so upplæringi i både nynorsk og bokmål kann so smått byrja alt då. Det er i grunnen berre ei slik løysing som fullt ut stetter fyreloga um å verdsetja mangspråklegdom som ein resurs.

Umgripi ‘hovudmål’ og ‘sidemål’ kann godt skuvast til side saman med dei tronge båsane som fylgjer med denne skipnaden. Elevane lyt få upplæring i bokmål og nynorsk som fag i eigen rett – upplæringi kann ikkje måtast etter ein «sidemålsmal» som passar alle, men lyt måtast etter fyresetnadene elevane hev til å møta og læra anten bokmål eller nynorsk elles. Soleis lyt elevar som skal læra nynorsk som hovudmål, møta nynorsk på skulen mykje meir gjenomgåande i alle fag, digitale verkty og umgjevnaden elles en dei gjer i dag, på same måten som bokmål er ålgjengt der dèt er hovudmål.

Kompetanse i nynorsk og so bokmål lyt vurderast likt for alle elevane anten det er hovudmålet deira eller ikkje. I vidaregåande skule lyt elevane få éin nasjonal eksamen i kvartdeira bokmål og nynorsk, der karakteren vert gjeven etter same mælestaven for alle. Berre soleis kann ein tryggja ei rettferdug vurdering og ei røynleg jamstelling.

Språk- og kulturarven

Framlegget til læreplan i norsk nemner ikkje fullnøgjande viktuge luter i språk- og kulturarven vår. Høgnorskringen gjer difor framlegg um at ein serskilt lyt nemna desse tingi:

Målføri

Korkje ‘målføre’ eller ‘dialekt’ er nemnt i framlegget. I staden er det nytta ugranne nemningar som kann tolkast upp og ned. Til dømes skal 7. klassa kunna «sammenligne talespråk i nærmiljøet med andre talespråksvarianter i Norge.» Her lyt det segjast grant at elevane skal verta kjende med det nedervde målføret på staden, til dømes so som dette ter att i dei nedervde stadnamni i grannelaget. Dei «andre talespråksvariantane» lyt som eit minstemål femna tradisjonelle målføre frå kvart av hovudmålvaldi i Noreg.

Gamalnorsk

Framlegget set upp som mål at elevane etter vg2 skal kunna jamføra norsk med norrønt. Det er eit godt kompetansemål, men det heng ikkje heilt i hop med at elevane berre skal kunna lesa norrøne tekstar i umsetjing. Skal elevane få røynleg kunnskap um dette, lyt dei lesa minst eitt gamalnorskt tekststykke i (normalisera) original. Kunnskap um gamalnorsk kann godt knytast upp til den ålmenne upplæringi i grammatikk, som òg lyt aukast og betrast med klåre kompetansemål.

I nær tilknyting til gamalnorsk lyt elevane òg få nyttug og allsidig kunnskap um grannemåli islendsk og færøysk.

Det er dessutan verdt å hugsa på at den norrøne arven er ein ervelut som på mange måtar stend i ei serstoda internasjonalt, med di han knyter seg til vikingtidi som er ein velkjend topos i m.a. film og bokavl. Her hev skulen eit unikt høve til å leggja fram mange av elementi i sjanger og media. Alt ihoprekna er det mykje som talar for at ein kann byrja gjera elevane kjende med gamalnorsk alt i ungdomsskulen.

Klassisk nynorsk og norsk målsoga

Mykje av den gjævaste nynorske bokavlen er skriven på klassisk nynorsk. No som Stortinget hev avskipa samnorskpolitikken, lyt det presiserast at denne bokavlen skal lesast i original klassisk rettskriving. Kunnskap um klassisk nynorsk er ei umisseleg hjelp til kunnskap um målføri og norrønt, og heilt sentralt i kunnskap um målsoga.

I heilo kann alle desse emni – målføri, norrønt og klassisk nynorsk – vevast inn i eit større og gjenomgåande emne um den norske målsoga og målstoda i Noreg. Dette hovudemnet er sentralt for fyreloga for norskfaget og lyt vera med gjenom heile skuleløypa.

Songskatten

Det hev vore mykje merksemd kring at songen ikkje er nemnd i læreplanen. For di um det kann vera vanskeleg å lista upp grant kva songar som høyrer med i «songskatten» – det er vel difor det er ein skatt – gjev det seg sjølv at dette lyt vera med i den kulturarven elevane skal verta kjende med. Med på lasset fylgjer mange gode tekstar å granska, og høve til å øva seg på å bera fram språket i ymse former.

Gjenom songskatten kann elevar i bokmålsskular tidleg møta nynorsk i munnleg og lettlærd form. Samstundes fær borni frå ung alder kjennskap til ein lut av litteratursoga, lokal og nasjonal dikting, nokre innslag av ymse målføre og tolleg langt framkome målbruk dei neppe er i stand til å læra berre frå papiret.

Song hev eit rettkome rom og lyt vera både læringsmål og læringsmåte i norskfaget. Skal me byggja samkjensla og norsk samsong som læt frå landsende til landsende, lyt norsk song vera eit fast læreemne i grunnskulen.

Samisk og nasjonale minoritetsmål

I 7. klassa skal elevane «gjenkjenne og uttale bokstavene som finnes i samisk alfabet.» Det er eit godt kompetansemål, men elevane lyt òg få høve til å verta litt kjende med grammatikken i eit av dei samiske språki, kann henda noko seinare i skuleløypa. Dette kann òg godt vevast inn i den ålmenne upplæringi i grammatikk, som nemnt under gamalnorsk.

Elevane lyt dessutan få kunnskap um språket til dei nasjonale minoritetane i Noreg, allvissa romani, romanes, kvænsk og skogfinsk.

Utgang

Me hev varast at mange av dei motsegnene me ber fram, òg vert framborne av millom andre Språkrådet, Noregs Mållag, Norsk Målungdom og Noregs Ungdomslag. Denne semja millom lag og instansar som i mange spursmål hev havt vidt skilde meiningar, er verd å ansa på for Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet. Det er å gauma på når statens eige fagorgan for språk, Språkrådet, skriv at dei

«[…] er uroa over framlegget til ny læreplan. Ei svekking av sidemålsopplæringa vil få alvorlege konsekvensar for den samla norskkompetansen til elevane og den samla språkkompetansen i det norske samfunnet. Det vil vere eit brot med hovudmåla i den norske språkpolitikken.»

Når læreplanen i norskfaget skal nyast upp etter nye modar og måtar, må me ikkje sleppa or augom at faget skal læra elevane norsk. Dinæst skal faget føra elevane inn i språksamfundet og halda uppe livande norsk kulturarv i samsvar med språk- og kulturpolitiske målsetnader. Nye verkty og inngangar til faget kann verka positivt, men ein må ikkje gjera desse verktyi og inngangane til mål i seg sjølv på kostnad av kjernen i faget.

Høgnorskringen vil sterkt råda til å lyda på fagkunnskap i desse spursmåli, so at ein kann tryggja ei fagleg god uppbyggjing under fyreloga for norskfaget, som me hermde i fyrstonne, og som vel alle mun segja seg samde i.