Uncategorized

Innspel til ny språkmelding

Innspel innsendt til Kulturdepartementet til arbeidet med ny språkmelding.

Høgnorskringen tenkjer på kor stort rom klassisk norsk hev i samfundet i dag. Me peikar her på tiltak som er viktuge både for statsnynorsken og den tradisjonelle nynorsken. Me vonar at målpolitikken kann opna for at tradisjonelt mål slepp fram.

Med høgnorsk elder klassisk norsk meiner me norskt mål slik det hev vakse fram frå gamalnorsk. Detta målet ovrar seg i dei nedervde målføri og den skrift- og talemålstradisjonen som Ivar Aasen grunnlagde. Samstundes hev me i Noreg talemål som byggjer på dana daglegtala og skriftfestingi av det målet, bokmålet.

Etter meir en hundrad år med statlegt samnorskstræv skil dagsens nynorsk seg skarpare og skarpare frå tradisjonell norsk kvart år. Detta er ikkje nokon eigen framvokster, men ei tillemping i bokmålsleid. Skilet hev auka tydelegt med 2012-rettskrivingi og den prinsipielle opningi for bokmålsord som Språkrådet vedtok i 2005. Denna framvoksteren er ikkje ei vinning for språkmangfaldet i Noreg.

2012-normeringi hev ført med seg sernormer i og utanum normi. Samlaget og Nettverket for tydeleg og enkel nynorsk gav båe ut ordlistor i 2017, der dei tilråder eigne sernormer. Det er tydelegt at 2012-normi hev mislukkast, og ein bør arbeida for å attra siste normi slik at fleire atter kjenner seg heime i den offisielle normi. Gjeng ein attende til den fyrre normi, styrkjer ein nynorsken, med di brukarar som skriv meir tradisjonelt slepp inn att.

Tidlegare møtte målbrukarar gode fyredøme i statskanalane på radio og fjerrsjå som bruka normera nynorsk talemål. I dag hev talemål som dreg seg mot bokmålet jamt teke yver meir og meir av romet til det normera målet i etermedia. Nynorsk hev éi uttala, jamvel um normi ikkje er like trong som i tysk elder fransk.

Målpolitikken i Noreg må syta for at tradisjonell nynorsk og nedervde målføre held fram å vera til i Noreg. Normera tala må ikkje verta avvikla i NRK, men styrkt. Uttalereglane i nynorsk må verta meir kjende og bør høyra til upplæringi i skulen.

Klassisk norsk i form av nedervde målføre og tradisjonell nynorsk hev vore lut av målstoda i Noreg i all nyare tid. Den statsstyrde og stenduge uppsmuldringi av nynorsken grev undan denna stoda. Det vert difor viktugare og viktugare å stydja dei som arbeider for klassisk norsk erso norsken ikkje skal verta eit mykje smalare umgrip i framtidi.

Den klassiske norsken er ei bru til dei andre vest-norderlendske måli, islendsk og færøysk. Slik sét er framhaldet til den klassiske norsken ein lekk i arbeidet for eit framhald av norderlendsk språkforståing, målsamband og samvinna.

Lag og samskipnader som fremjar klassisk norsk i skrift og tala må få studnad til arbeidet sitt. Detta gjeld Ivar Aasen-sambandet, Norsk måldyrkingslag, Vestmannalaget, Norsk bokreidingslag og Høgnorskringen. Ved å stydja upp um dessa lagi tryggjer ein mangfaldet og rikdomen i norskt mål for framtidi.