Uncategorized

Innspel til Prop. 65 L (2018–2019) Endringar i stadnamnlovi

Skriftlegt innspel sendt til familie- og kulturkomiteen på Stortinget i samband med fyrehavingi av endringar i stadnamnlovi.

Høgnorskringen viser til saki som er til dryfting i familie- og kulturnemndi um brigde i stadnamnlovi (Prop. 65 L (2018–2019)).

Me ser med stor uro på sume av framleggi frå regjeringi, og serleg bodskapen kulturstatsråden hev bore ut um at heradi no skal få større gjenomslag i namnesaker. Etter røynsla frå ordskifte um stadnamn i lokalsamfund og ålmenta, ottast me fylgjone for namnevernet og namnefagleg forsvarlege skrivemåtar.

Det er sjølve fyremålet med lovbrigdi me trur er mest skadelegt her, og me råder Stortinget til å røysta imot framlegget um å endra § 4, og til å segja ifrå um at Stortinget ikkje ynskjer endring av praksis kring namnevern som fylgjer av § 3.

Me hev ingi motsegner mot dei framlagde brigdi i § 1 um å tryggja norskt mål på lina med samisk og kvænsk, i § 2 og 7 um å taka inn reinbeitedistrikt, og i § 3 um at norske namn ikkje skal fortrengja samiske og kvænske.

Me hev ikkje sterke synsmåtar um ei administrativ umskiping av stadnamntenesta etter § 13, men er samde med Noregs Mållag i at namnekonsulenttenesta må halda fram med å vera spreidd rundt i landet. Det borgar for større lokalkunnskap, og det gjev større tiltru til faglege innspel når dei kjem frå sakkunnuge med regionalt tilhelde, er von.

For liten fagkunnskap i heradi

Skal lokale namnevedtak ha stort gjenomslag so som det vert lova, må dei like mykje som lovlege vedtak i dag byggja på dryfting og sakfyrebuing der lokal nedervd uttale og ordsoga veg tyngst. Elles er dei i strid med fyremålet og føringane i stadnamnlovi. Det er ikkje meiningi å veikja kulturminneverdet åt stadnamni. Samstundes er det grunn til å uroast for at det er nett det som hender når avgjerdsmakti vert lagd til heradi. Der er fagkunna liti og påtrykket er stort frå høgrøysta innbyggjarar med eit anna syn en lovi på kva det er som ber namnetradisjonen på staden. Nedervd uttale elder gamle skriftskap, med alle slag forvanskingar, rangtolkingar og misskrifter.

Det som hev bore namni uppe frå dei vart påkomne ein gong og fram til i dag, er det livande talemålet på staden. Desse namni skal ha einskapleg skrivemåte i tråd med faste og norske rettskrivingsprinsipp.

Det er ei utbreidd mistyding at grunneigarar hev ein serleg eigarskap til gardsnamn. Det er like mykje og kann henda meir grannar og samfundet rundt som nyttar eit gardsnamn. Ofte er gamal og ordsogeleg rett uttale betre halden på i talemålsformi åt grannane en hjå dei som bur på og ættar frå garden. Grunneigarar er nærare knytte til ein skriftspråkleg tradisjon frå skrivarar i dansketidi. Skrivarane skyna ikkje kva stadnamnet tydde og vyrde slett ikkje nokon norske rettskrivingsprinsipp. Noko norskt skriftmål var det helder ikkje slege fast grunnsetningar for på 1600-, 1700- og fyrstpå 1800-talet.

Grunneigarar og ætti frå staden hev eigarskap til etternamnet sitt, men stadnamnet er sameiga.

Medvitet og kunnskapen um dette er neppe langt nok framme i heradi – der er det ikkje noko sterkt og stødugt fagmiljø for namneutgreiding. Då vinn dei helder lett fram, innbarka fyrestellingar um at forvanska skrivemåtar som er kjende frå etternamn og gamle skriv hev hevd og er dei rettelege namni.

Når departementet lovar stort gjenomslag, og lovverket samstundes skal opna for fleire undantak frå dei fastslegne grunnsetningane for skrivemåten til stadnamni, er me visse på at dette fører til eit meir unorskt namneverk. Då ber det i stikk motsett leid av den fyremålet med lovi stakar ut.

Fråvik frå gjeldande rettskrivingsprinsipp

Departementet hev høyrt på sume av motrøystene som kom fram i høyringsrunden. Proposisjonen greider ut ei rad atterhald og føringar for namnevali heradi skal kunna gjera. Like vel er det stor grunn til å stogga framlegget um å flytja undantaksregelen um fråvik frå gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp frå forskrift til lov.

Det stend i merknadene i proposisjonen at det til dømes ikkje skal vera lov å merkja lang vokal i skrivemåten av stadnamn og at bokstavane c, q, w, x, og z ikkje skal brukast. Desse føringane kjem ikkje til syne i sjølve lovteksti.

Meiningsberarar, heradsadministrasjon og folkevalde les vel helst lovfyresegnene svart på kvitt når dei skal dryfta namn – då er det ikkje so visst at fagre ord frå lovfyrebuingi vert hugsa på elder veg serleg tungt i ordskifte, sakfyrehaving og avgjerder kringum i heradi.

Det er all grunn til å venta at folk som skriv etternamnet sitt Wahl, Moe, Scheen o.s.fr. med lovi i hand set krav um at dette òg skal vera offisiell skrivemåte på staden dei kjem frå. Og det er grunn til å ottast at heradsstyri les lovi sameleis og er samde i at dei hev rett. Dette er då innarbeidde skrivemåtar som hev vore lenge i bruk.

Høgnorskringen er ikkje ute etter å miskjenna lokaldemokratiet, men stadnamn er eit fagfelt som krev sakkunna og fagleg tyngd, skal kulturminni takast vare på i tråd med fyremålet i stadnamnlovi. Då er det uklokt å leggja denne avgjerdsmakti ein stad der det ikkje er sakfyrebuarar med serleg fagkunnskap um namn og mål.

Det er rimeleg at folkevalde ynskjer fullmakter til å blidgjera meiningssterke og høgrøysta gruppor i heradet sitt. Ser dei fyre seg at alle ynske um namn og skrivemåtar berre skal godtakast, hev ikkje heradsadministrasjonen grunn til å tvila på eigi fagleg evna til å greida ut og døma um slike saker. Ja-stempelen er det ingi kunst å triva. Stortinget må derimot tenkja godt gjenom fylgjone det fær å gjeva dei einskilde heradi dette andsvaret.

Me bed um at de ikkje gjer lovbrigde som veikjer det faglege grunnlaget og dei faglege føringane for namnepolitikken.

Namnevern

Uppmykjingi i praksisen kring namnevern etter § 3 meiner me Stortinget må mæla imot. Sét i ljos av at striden um namnebyte i Overhalla heilt klårt er bakgrunnen for proposisjonen (som de kann lesa meir um i merknadene til nemndi frå advokat Brynjar Mørkved dagsett 5. mai), er det all grunn til å lesa det so at målet med det heile er å lata herad få lov til å gjera vedtak um namnebyte som strid med fyremålet i stadnamnlovi. Det bør de, gode kulturpolitikarar, stogga. Lovverk og praksis bør ha til fyremål å verka imot ein framvokster der tradisjonelle namn vert burttrengde yver tid. Stadnamnlovi lyt i det lengste stå på sida åt dei nedervde namni som hev heimstadrett på staden. Me meiner serlege grunnar for namnebyte må tolkast minst like strengt som i dag.