Nes og Nes

(27. april 2019) Kommunal- og moderniseringsdepartementet held fram med å rydja tradisjonsrike stadnamn ut or offisielt bruk. Med di heradi Nes i Hallingdal og Nes på Raumarike kjem inn i det same risefylket Viken, skal heita, er det fastslege at eitt av desse lyt byta namn.

Stader byter då ikkje berre namn!

Usamansette og ubundne, stutte og greide namn etter lendet er millom dei eldste namni me hev. Dei ber hundgamal tradisjon, mål og soga me lyt halda i age. Me må taka vare på heradsnamni Nes der dei høyrer heime.

For skuld vernebuing og tryggleik er me jamt nøydde til å spyrja etter eikor utfyllingi når folk fortel kvar noko hender. Kartet er fullt av like elder liknande namn. Til det hev me landskapsnamn å leggja til, postnummer og kartkoordinatar.

Um ulukka råkar og nokon fortel at det hender på Nes, nyttar det lite at eit anna namn er vedteke for eine heradet. Bergingstenesta må dessutan òg vera kjend med at det finst eit «Nes i Ådal» innan same fylkesgrensone.

I heradi er det hevd på at utfyllingi etter namn det finst (elder fanst) fleire av, fylgjer dei gamle landskapsnamni, og ikkje fylkesnamni. Det heiter og heitte Bø i Vesterålen, Os i Øysterdalen, Vang i Valdres.

Med di vert det i røyndi ikkje tvo herad heitande «Nes i Viken». Det urette, unorske og uhøvelege namnet «Viken» bør ingen nytta um stader uppi dal og innpå uppland. Me held so klårt fram med å segja «Nes i Hallingdal» og «Nes på Romerike».

Um ugreida departementet hev vasa til er råd å løysa med at eine heradet fær lov å hava «Nes i Hallingdal» til offisielt namn, er lite skade gjort. Me fær vona riksstyret ikkje tek hardare på namneskatten vår denne venda.

***

(4. mai 2019) Det er godt Språkrådet og Fylkesmannen i Oslo og Viken er samde i at eine Nes-heradet bør få heita «Nes i Hallingdal».

Dette er den tenlegaste utkoma når det ikkje skal vera høve til å hava tvo herad med nett same namnet i same fylket.

Me bør halda på eigne heradsnamn og ikkje so snøgt triva til namnet på handels- og stjornarmidstaden. Det er med kvart vorte vanlegare, diverre. Difor lyt desse heradi halda fram med å heita Nes (i Hallingdal) og Nes (på Raumarike), helder en Nesbyen og Årnes.

Når me byter Skedsmo med Lillestrøm, Borre med Horten og so frametter, tynner me ut namnerikdomen i offisielt bruk. Det er synd. Midstaden vinn yver utkanten.

Handels- og stjornarmidstaden hev eit namn til sitt bruk. Det gjævaste hadde vore um heradet òg fekk hava eit namn som femner vidare til sitt bruk.

***

(17. juni 2019) Me hadde trutt denne saki skulde få ei lagleg løysing då Språkrådet og Fylkesmannen hadde gjeve grønt ljos for heradsnamnet «Nes i Hallingdal». Men no les me i Hallingdølen.no at Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Monica Mæland endå ein gong vil kasta vrak på namnebruk med tradisjon på staden, og hev sett foten ned for dette namnet.

Det bladstykket i Hallingdølen 17. juni fortel, er at Språkrådet hev sagt at heradet – med desse vilkòri – bør heita Nesbyen, og vanda andre innkomne framlegg til nytt heradsnamn. Når desse hine er slikt som Næs, Nesby og Nesbyn, skynar me denne tilrådingi.

Det er like fullt synd og skam og ugagn det riksråden hev gjort. Å kalla heradet Nesbyen skaper uturvande ugreida og brot med tradisjonen. Det er ein god ting når heradet held uppe eit anna namn en stjornarmidstaden. No kann ein segja at ein er frå «Bromma i Nes» elder «Nesbyen i Nes». Byrjar ein segja «Bromma i Nesbyen», lyt det vel heita «Nesbyen sentrum». Med dette taper me eit gamalt, hevdvunne namn med eige bruk.

Med dette utfallet er det kann henda betre å berre segja at desse bygdene ligg i Hallingdal en å nytta noko heradsnamn?