Norsk målstemna

Norsk målstemna 2019

Sundag 29de september i Oslo
I lag med Måldyrkingslaget og målnemndi åt Bondeungdomslaget byd Høgnorskringen inn til målstemna um færøysk og norsk målreiseing. Me hyller V.U. Hammershaimb og den færøyske målreisingi. I år er det 200 år sidan Hammershaimb vart fødd i Kaupmannahamn.

Hammershaimb er mannen attum lina som vart førande for målreisingi der. Me ser på den færøyske målreisingi med augo frå Noreg og ser likskapar og ulikskapar. Attåt skal me høyra um eitt av dei store verki i norsk namnegransking, Norsk namneverk av Gustav Indrebø.

Stemna vert haldi på Kvernelandromet på Litteraturhuset i Oslo, Wergelandsvegen 29, sundag 29de september kl. 13.00–16.30.
Det er fri inngang

Program for dagen:
Kl. 13.00 Velkomen.Kl. 13.05 Ole Jakob Totland – Linor millom færøysk og norsk målreising
Kl. 13.35 Endre Otto Brunstad –  Um færøysk målreising(tittel kjem seinare)
Kl. 14.20 Pause – enkel matservering (rundstykke, kaffi, te og vatn)Kl. 14.50 Jógvan Helge Gardar –  Tjóðarmálið: ein nasjon i emning
Kl. 15.35 Botolv Helleland – Gustav Indrebø og Norsk namneverk
Kl. 16.20 Avrunding.
Tak kontakt med Ole Kristian Grønneng på 944 97 901 elder gronneng@ivaraasen.no um du hev spursmål.

Utferd til Dramn og Eiker

Laurdag 28de september med påmelding
Stemnelyden fer ut til styresmann Anders Olsen Søyseth. På vegen stoggar me i Dramn ved Sivle-statuen ved Biblioteket og Ypsilonbrui kl. 12.00.  Me fer òg til Per Sivles grav og legg ned blomar der. Håvard Tangen fortel um Sivle, livet hans og sambandet hans til Dramn på båe stadene. Me reknar med å vera i Løvligata 4 hjå Anders i Mjøndalen halv to.

Erso du kjem med tog, er Sivle-statuen berre stutt gonge frå jarnvegstasjonen. Det er råd å koma seg til Mjøndalen og Dramn med buss og tog. Elles er det å rekna med ledig plass i bilar frå Oslo.

Dei som skal vera med til Eiker lyt melda seg på til gronneng@ivaraasen.no. Det er noko ledig plass i bilar frå Oslo.

Med helsing,
Styret i Høgnorskringen, målnemndi i BUL og Måldyrkingslaget

Sivlestatuen i Dramn med Ypsilonbrui attum