Uncategorized

Torleiv Hannaas um Olav Eivindsson Austad

aDer hev vore mange gode sogemenner i Sætesdal. Den beste av dei som liver no, er Olav Eivindsson Austad.

Han er fødd på Austad 2. februar 1843 av fatige foreldre. Men det var god soge-arv i ætti på båe sidur. Faren var sogemann. Og farsysteri, Jorunn Skåmedal, og son hennar, Tarkjell Bjørnsson Skåmedal, var av dei beste i dalen på gamle sogur og visur. Og ikkje ringare var mor hans, Eli Olavsdotter Skåmedal, og bror hennar, Torbjørn Olavsson Skåmedal.

            So Olav hadde godt å likjast på. Og han var ikkje stor karen fyrr han tok til å leggja seg etter både visur og sogur.

            Ein gong han hadde kvede visa «Du høyande himmel og du fallande jord» for meg, fortalde han koss han hadde lært den visa:

«Denni visa lærde eg av Olav Grundisson Austad. Dai ha vori haim sjå okko a jol. So sille mi vere mæ dai nor’te. So ha her komi noko snjor’e. So tok Olav Grundisson o bar meg på ryggjen. O so kvo han denni visa. Sia hev eg kunna æ. O eg hev alli høyrt æ ko den gongje.»

Faren døydde fyrr Olav var vel vaksen, so det er ikkje mykje han minnest etter honom. Mori sat då etter i tronge kår. Ho hadde ikkje råd til å kosta noko på borni sine. Men ho hadde slik umsut for å halde dei ifrå det som vondt var. So sat ho heile kveldane og sa sogur for dei, so dei skulde una inne og ikke stroka ute.

«De æ etti henni eg hev de eg kann», segjer Olav. «O hadd’ eg havt vit ti høyre bet etti, so ha eg kunna havt ai gong ti so mykji som eg hevi.»

Elles var det so vanlegt med kveding og soge-segjing i hans ungdom, at det var noko å læra i kvar stova.

«I mi bånsti, etti eg va vaksen i kvært baini, va de skjikk’e at da samlast i stogo o sae sogu. So slipte mi niva o bytte, o tægde spjøllstaven o prøvde kvar hadde støygaste nive’e. So slipestainen kom alli o stoga der mi såte.»

Olav gifte seg i 1875. Då fekk han seg ei stove på Austad. Den flutte han nokre år etter ut til Odden, synst i garden. Der hev han so havt heimen sin sidan. Frå fyrst av åtte han ikkje grunnen han sat på. Men so fekk han kaupa og vart sjølveigar.

Ein gong hadde han kome i tvil um nokre lunnende som skulde høyra jordstykket hans til, – um han hadde fenge det han skulde hava. Og han hadde so ymist tenkt å søkja retten sin.

«Men so hev eg kome i hug, at um de va den verslege lov, so kunna de vere imot Guds lov, o då ha eg kje havt noko gott av de.» Og so lét han søksmålet vera.

Ja, soleis er Olav. Det mjuke hjarta hans vil ikkje nokon mann vondt. Og han er so snild og vensæl at alle tykkjer gildt i honom.

Det hev alle dagar vore smått for Olav. Men han hev havt ein rikdom som var gjævare enn gods og gull: den skatten av gamle folkeminne som han tok i arv etter forferderne. For honom var dette verd-dagar som gjorde livet rikt.

Og han dømer um folkediktingi med godt skyn. Det er den episke diktingi i bunden og ubunden stil som er dert store for honom. Det reint lyriske hev han mindre syn for.

«Stev æ eg so ring’e på. Eg hev alli brytt meg um dai. Eg totte kje de va noko i dai. Men sjå sogo o visu, de va ailai.»

Og han hev lagt vinn på å halda arven uppe rett og uskipla. Ein gong tok ein annan av husens folk til å segja ei soge. Olav lydde på eit bil. Men so skar han tvert av, og domen fall tung: «Du segjer de kje håv-rett.» Og so tok han sjølv ordet.

Det er merkelegt kor fast han kann ha halde i minne innhald og utforming av eit halvt hundrad sogur gjenom eit langt liv. I vissa veit eg at han hev halde dei ubrigda dei siste femtan–tjuge åri. Lange bolkar segjer han enno ord til anna som fyrste gong eg høyrde honom.

Men um han soleis «kann» sogune sine, so vert dei aldri turre og livlause i hans munn. Han liver sjølv med i soga av all sin hug. Difor kann han òg leggja slikt eit spelande liv i framburden.

Fyrste gong han sa meg «Soga um skrubben», og han då kom til den vendingi, at mori spiller lukka si av di ho ikkje kann døyva moderkjærleiken sin lenger, då brast han i og gret som eit barn. Og det er ikkje einaste gong eg hev sét at sogune kann taka honom so sterkt at han ikkje er mann til å dylja kjenslune sine.

Ser ein på innhaldet, so er sogune hans Olav ofte avstytte og samantrengde, i samanlikning t.d. med utformingane hjå Asbjørnsen og Moe. Det kann noko vera tidi som hev slite på dei. Men meir er det ein trong i sætedalsk soge-kunst til å skjota ut mindre turvande ting, og til å samla hendingane i ein klår og einlagd episk-dramatisk samanheng.

Klår og einlagd er òg stilen. Ein kann berre sjå på den sterkt parataktiske segje-måten. (So var det ein mann. So hadde han tri søner. So gjorde dei det og det). Mange vil visst tykkja at dette er ein altfor einslungen og fatigsleg stil. Men det er livs levande målføring, og hev so vore so lenge me veit um norsk soge-kunst. Like eins er det t.d. med det tvitekne «sa han», som Olav nyttar so mykje i hermingar.

            All god norsk æventyr-stil svipar mykje innpå norrøn soge-stil. Det er noko alle samlarar hev lagt merke til. Men det er ikkje so liten skilnad på æventyr-stil frå dal til dal, ja frå den eine sogemannen til hin. Sæbyggje-sogune er ikkje so utkrota med rosur og blomar som Telemarks-æventyri åt Knut Loupedalen («Eventyr og Segnir frå Telemarki», 1923). Og dei er ikkje so fulle av kast og hugskot som æventyri etter Olav Tjørnstaul hjå Rikard Berge («Norsk Sogukunst», 1924). Sæbyggje-sogune renn stillare. Prydverket i stilen ligg djupare, og glimar mindre. Men dei er meir gamalnorske i tonen. Og det skal i det heile vera vandt um nokon nynorsk soge-segjar kjem den norrøne soge-stilen nærare enn Olav Eivindsson Austad.

            Alt for ein mannsalder sidan var Olav den beste sogemannen i Austad-grendi. Ungdomen samlast so mykje i stova hans, og dei bad so trått: «Sei okko a soge, Olav!» Og han var lett å beda. Dei lønte honom òg for kunsti hans. Det vanlege var ei tobaktugge for kvar soge!

            No ser folk noko onnorleis på folkedikting og folkeminne. No skynar sætesdølene at desse sogune ikkje berre er tid-trøyte, men at det er ein merkeleg kultur-arv frå gamle tider. Og no fær gamle Olav mykje heider for di han hev vore so trugen til å verna um denne arven. I seinare år hev ungdomslaget i grendi jamt gjort gjestebod for honom på årmålsdagen hans. Og då hev han fenge gode gåvur.

            Olav er so stillfarande og smålåten ein mann, og det varde lenge fyrr han vart noko namnkjend utanfor heimegrendi. Av sogune hans er det berre tvo som hev kome på prent fyrr: den vesle «Som vinden i varme sol», og so «Fille skomakar». Dei hadde Johannes Skar fenge av honom, og han prenta dei i «Gamalt or Sætesdal» VI (1913).

            Fyrste gong eg skreiv upp visur og sogur etter Olav var sumaren 1907. Sidan hev eg vitja honom ofte, siste gong 8. juli 1926. Stundom hev kona mi vore med. Og me vilde so gjerne at borni våre skulde få høyra honom. Det hev ikkje lukkast fyrr i fjor. Men ein ven solskinsdag sumaren 1926 sat me alle i bjørkeholtet attmed stova hans og lydde på den gamle meisteren. Som eg då såg korleis borni saug inn sogune frå hans munn, då kom det so livande fyre meg, at her hev me noko av det som gjev samanheng i folkelivet vårt, eit av dei sterkaste bandi millom farne og komande ætter.

            Og eg måtte med takk i hjarta tenkja på kor mykje den vesle Austad-grendi hev sett inn i sætesdalsk kunst og dikting, ifrå Sigurd Svein-utskurden i den gamle Austad-kyrkja til spelemannen Tarkjell Aslaksson og sogemannen Olav Eivindsson Austad.

Frå Sogur frå Sætesdal ved Torleiv Hannaas Oslo 1927. Digitalisera av Gudmund Harildstad.