«Ei god Sak
gjev eit godt Mod»

Vitringar

Tinga Årboki

Netstadandsvarleg

Tuft og fyresegner.

Tuft for Høgnorskringen

(Vedteki på fyrste årsmøtet i Høgnorskringen 3. oktober 1998. )

§1 Høgnorskringen arbeider for å vinna det norske folket for den høgnorske målreisingstanken, eit reint og sjølvstendigt norskt mål i skrift og tala.

§2 Ringen ser upphavet til målstriden i den tvikløyvingi med danskt skriftmål og norskt talemål som kom upp i dansketidi.

§3 Ivar Aasen gav det norske målet ei fullgod skriftfesting med det norske landsmålet. Aasen lagde vegt på å gjeva målet ei regelfast og landsgild form og nytta difor typeform-prinsippet. Til grunnlag og rettleiding for arbeidet sitt hadde han dei norskrøtte målføri og norrønt. Desse prinsippi til Aasen gjeld den dag i dag.

§4 Tilnærmingstanken som statlege nemnder hev fylgt i dette hundradåret, hev skipla det greide mynsteret i Aasen-målet og brote ned skrifttradisjonen. No er det tid for å retta det som rengt er, reisa det som velt er.

§5 Høgnorskringen vil:

 

  1. fremja den ubrotne tradisjonen me hev for klassisk nynorsk, og arbeida for å få burt alle stengsle mot å nytta høgnorsk på alle leider i samfundet, same rettane for i-mål som i dag gjeld for a-mål.
  2. taka til motmæle mot utvatning og uppblanding av nynorskt mål.
  3. dyrka skriftmålet på høgnorsk grunn og spreida høgnorsk lesnad.
  4. røkta norskt talemål ­ heimlege målføre og normaltalemålet.
  5. taka vare på sambandet med frendemåli færøysk og islendsk.


Fyresegnene åt Høgnorskringen

§1: Fyremål

1Høgnorskringen hev til fyremål å reisa, verja og dyrka høgnorsk. 2Denne tanken er nedfelt i tufti åt Høgnorskringen.

§2: Medverskap

1Høgnorskringen er open for einskildlemer og lag som er samde i fyremålet. 2Lagslemer skyldar å svara årspengar, og fær då røysterett. 3Høgnorskringen er med i Ivar-Aasen-sambandet og Vestlandske Mållag.

§3: Årsmøtet

1Årsmøtet er å segja alle røysteføre lagslemer som møter etter fyreskrivi innbjoding. 2Årsmøtet er høgste avgjerdsmakt i Høgnorskringen; 3det skìpar seg sjølv soleîs at det vel ordstyrar og skrivar, og godkjenner innbjoding og saklista.

4Årsmøtet skal til vanlegt haldast kvart år i hausthalvåret, og styret sender ein månad fyreåt ut innbjoding til lagslemer med upplysing um tid, stad og saklista. 5Er ikkje innbjoding komi innan 1. november, kann lagslemer bjoda inn til årsmøte etter skriftleg støring til styret. 6Kjem no ikkje innbjoding innan fem vikor, kann sju lagslemer som er samde um det, sjølve bjoda inn til årsmøte.

7Årsmøtet skal hava fyre årsmelding, rekneskap, årspengar, stemna, val av styre, valnemd og ettersynsmann, og andre saker som lagslemene vil taka upp. 8Frest for å senda inn framlegg til tuft og fyresegner er seinast tvo vikor fyre årsmøtet.

9Årsmøtet skal avgjera alle grunnleggjande saker; 10desse lyt vera innkomne til styret i tid so dei kann kunngjerast i innbjodingi. 11Årsmøtet kann skjota avgjerdi i ei sak til ålmenn lagslemsrøysting.

§4: Styret

1Høgnorskringen hev formann og eit styre på fire attåt denne, med minst tvo varamenner. 2Dei vert valde av årsmøtet, og sit til nytt styre er valt, men ikkje lenger en femtan månader. 3Dreg ein styreslem seg ut-or, tek ein varalem plassen, soleîs at den hev fyrerangen, som stend fyrst i rekkjefylgja dei er valde i.

4Styret skìpar seg sjølv, so nær som formannsumbodet. 5Styret hev den daglege stjorni med laget utanum årsmøtebìlet, og rettar seg etter fyrelogone årsmøtet hev gjeve.

6Kann ein styreslem ikkje møta, møter varalem i staden som styresmann, etter fyrerang som fyrr nemnd. 7Styret er vedtaksført når minst tri styresmenner er til stades. 8Formannen byd inn til styremøte minst ei vika fyreåt. 9Styreslemer kann òg bjoda inn, erso tvo månader er lidne sidan sist. 10Det skal førast upprìt frå styremøti.

§5: Røysting og vedtak

1Årsmøtet gjer vedtak med vanlegt fleirtal. 2Fyresegnene kann berre brigdast med tvo tridjepartar fleirtal i årsmøtelyden. 3Vedtak og brigde i tufti gjer ein sameleîs som for fyresegnene.

§6: Uppløysing

1Vedtak um uppløysing av laget lyt gjerast av tvo årsmøte etter einannan, utan andre brigde i fyresegnene. 2Det lyt vera fleirtal på tvo tridjepartar i heile årsmøtelyden, men likevel soleîs at sju lagslemer som vil halda laget uppe, bægjer for uppløysingsvedtak. 3Eiga åt laget gjeng i fall uppløysing til ein annan skìpnad som verkar for høgnorskt mål, Ivar Aasen-sambandet um årsmøtet ikkje gjer vedtak um anna. 4Brigde i §6 lyt gjerast etter den vedtaksmåten som andre leden i denne bolken fyresegjer.

Fyresegnene vart sîst brigde på årsmøtet 20. november 2004