Uncategorized

Soga um Sindbad farmann

I boki «Von og veg» åtvara Nikolaus Gjelsvik mot at unorske segjemåtar og ordbering kjem inn i elles nynorskt mål. Verre en framandt mål i landet er det når framandt mål ter seg som det vøre norsk. Det fær oss til å tru at so skal tanken segjast på norsk.

Gjelsvik krev at nynorske bladfolk og bokskrivarar «gjer seg fyre som mest med målet, og hiver slurvet og slaureskapen miskunnslaust på sorphaugen. Og når ei bok er skrivi på eit godt mål, må folk lesa henne ikkje ein gong, men mange gonger. So dei friskar uppatt målet sitt og måltonen.»

Gjelsvik held serleg fram «Sindbad farmann» i Alexander Seippels umsetjing frå arabisk. Dette æventyret er «som eit skirslelaug i norsk målføring».

Heppa er at denne boki er utlagd på heimsveven. Me kann lesa henne mange gonger, kvar me fer.

Les henne, les henne um att, lauga deg og lær!

Alexander Seippel var ikkje berre professor og kunnug i austerlendske mål – den fyrste til å setja um æventyr or «Tusund og ei natt» til norsk beinveges frå arabisk. Han var ein målmeister i norskt mål med. Han vann med å setja um til fullnorsk tone i høgprosa, bibelmål og forteljingsstil. Med di kann me taka eit arabiskt æventyr til lærestykke når me vil friska upp den norske måltonen vår.

«Soga um Sindbad farmann» vart utgjevi av Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget i bokrekkja «Austerlendske bokverk».