Norsk Årbok 2024

Årboki for 2024 vart sendt ut åt lagslydane i Høgnorskringen og Norskt Måldyrkingslag hausten 2024. Stutt um boki Det er i år eitt hundrad år sidan stortingsvedtaket um at Oslo skulde få att det gamle, norske namnet sitt. Me høgtidar detta storhendet med ei rad stykke som tek fyre seg vinna attum namneskiftet, nokre målfolk […]

Norsk Årbok 2023

Årboki for 2023 er nett komi frå prenteverket. Me fyrebur utsending åt lagslyden i Høgnorskringen og i Norskt Måldyrkingslag. Stutt um boki Or soga er mang ein lærdom hentande, og den som ikkje kjenner soga si, fær snart høyra dei mest langhenta lygesogor. Norskdomsrørsla hev fostra mange dei som hev visst å skilja klårt millom […]

Norsk Årbok 2022

Årboki for i år er endeleg komi frå prenteverket. Ho vert send ut til lagslyden næste vika. Boki er elles til sals her og på Norsk målstemna i helgi på Litteraturhuset. Bibelen på eige mål var lenge eit merke på eit nasjonalt kulturmål. Det var den boki folk hadde mest med å gjera, og bibelmålet […]

Høyringsfråsegn til brigde i stadnamnfyresegni

Høgnorskringen ynskjer at fyresegni til stadnamnlovi skal segja rett ut kva for nokre skrivemåtar som ikkje er lovlege. Me ynskjer òg at hevdvunne, heilnorske skrivemåtar som ikkje lenger er gjeldande rettskriving, skal ha eit serskilt løyve framfor andre tilfellelege målføreformer. Me hev sét med uro på dei seinste brigdi i stadnamnlovi. Me ottast at veikte […]

Landet heiter Noreg

Innlegg på prent i bladet Firda, måndag 28de september, og i bladet Sunnhordland, onsdag 30de september 2020. Det offisielle namnet på landet vårt er Noreg. Det er den einaste skrivemåten på nynorsk. Likevel niheld sume i skrivande krinsar der nynorsken hev det stødigaste fotfestet på den avlagde formi Norge. Ja, serleg i dei reint nynorske […]

Norske namn på Godvonodden og i Noreg

Innlegg på prent i Dag og Tid, 4. september 2020. I spyrjeleiken i Dag og Tid nr. 32 les me at stadnamnet «Kapp det gode håp» er eine svaret, og eg undrast: Er ikkje dette eit norskmålsblad? Kvi skal me støyta på norsk-danskt bokmål under fjerrlagde himmelstrok? Er det norsk-dansken som råder yver hav og […]

Høyringssvar til NOU 2019: 23 Ny upplæringslov

Høgnorskringen verkar for å fremja, verja og dyrka norskt mål i godt lag, og meiner upplæringi i skulen jamt og samt skulde hava til fyreloga å halda fram den norske målarven. Utkastet til ny upplæringslov frå upplæringslovutvalet rekk ikkje, skal upplæringi gjera skuleungdomen fullfør til å bera fram den livande norske skrifttradisjonen. Måltilnærming og måltyning […]