Nyhende

Fylkesnamnesaki i 1918

30. juli er det 100 år sidan inndelingsnamni i riket, amt- og stiftsnamni frå det danskspråklege styringsverket i landet vart vedtekne bytte ut med norske fylkes- og bispedømenamn. Med di vart det gjort eit storverk som var til stor nasjonal vinning.

Mange målfolk var like vel vonbrotne då Stortinget gjorde vedtaket sitt 30. juli 1918: Lagtinget hadde vedteke merknader til det upphavlege vedtaket i Odelstinget, og brigdeHeidmark til Hedmark, Upland til Opland, Austfold til Østfold og Trums til Troms.

Ulikt måten fylkesnamni vart fyrehavde på då inndelingsnamni var uppe som fylgja av regionreformi i vår, lyt me sanna at det vart gjort eit gagns arbeid den gongen. Det låg fyre fagkunnuge utgreidingar som grunnlag for eit stort og ope ordskifte, og rikspolitikarane synte interessa for sjølve namnespursmåli. Dei hadde språkleg og historisk rettleiding då dei til sist skulde døma um namni. Fåe var det vel den gongen som meinte at dette var eit spursmål som skulde avgjerast ute i fylki åleine.

Det heile var eit nasjonalt upptak og det galdt ei nasjonal sak.

Millomløysingane dei landa på var dimed komne til på eit gjenomtenkt grunnlag, endå det vart låkare utfall en det burde ha vorte.

Attåt dei skrivemåtane som vart gjorde unorske i Lagtinget, stod fylki Kristiania, Buskerud og Akershus att utan å ha fenge gode historiske og norske namn (bispedømi vart alle norska upp). Oslo kom inn sidan, medan Sud-Uppland for Buskerud vart vanda, og Ringerike og Romerike ikkje vart rekna som samlande for heile fylki.

Det var òg ei leid utkoma at dei valde He(i)dmark i staden for Aust-Uppland i 1918. Med di fekk namnet på det eine upplandet feste som fylkesnamn. Det vart for liten uppslutnad til å retta upp i dette då saki var fyre att no. Folk hadde byrja tenkja på Uppland som namnet på grannefylket som dei helst ikkje vilde slå seg saman med, og me hamna i det vanhøvet at det nye påfynsteret Innlandet vart rekna som eit meir samlande namn på Upplandi en nett Uppland.

Alt ihoplagt fekk Jørgen Løvland som var kyrkjeminister i 1918 gjort mangt godt for norskt mål i norske stadnamn. Han stridde for uppnorsking av inndelingsnamn og bynamn, og vann fram med ikkje so reint lite.

Me er hovudskakande vonbrotne med di Kommunaldepartementet og Stortinget hasta gjenom endringane i inndelingslovi utan noko namnefaglegt grunnlag i vår, og vedtok dei sers låke namni «Innlandet», «Viken» og «Vestland» fylke. Den gangen i saki som var no, og utkoma av saki, er å vanheidra hundradårsminnet for det fagnaverket som vart gjort i 1918.

Me uppmodar so klårt alle til å heller nytta dei rette fylkesnamni, gjerne etter god og høgnorsk rettskriving, allstødt når de er frie til det og ikkje er bundne av slumsute offisielle namnevedtak.

One thought on “Fylkesnamnesaki i 1918

Comments are closed.