Godt år!

Nyårsdagen 2019 er det hundrad år sidan vedtaket um å gjera amt um til fylke med sogelege norske namn byrja gjelda. Samstundes gjeng me inn i siste året denne fylkesskipnaden skal gjelda.

Les um vedtaket som vart sett i verk 1. januar 1919 her.

Det me i Høgnorskringen arbeidde mest med i 2018 var å åtvara styremaktene mot å byta dei norske fylkesnamni ut med sogelause, range og vanhøve påhitt.

Me mælte imot framleggi «Vestland», «Viken» og «Innlandet», og synte at desse namnevali var påkomne utan namnefagleg utgreiding og rettleiding.

Årsmøtet vedtok ei fråsegn um saki som kom på prent i Bergens Tidende.

Me var med i den munnlege høyringi i kommunalnemndi på Stortinget. Høyringsnotatet vårt ligg her.

Mange tingmenner skyna at det var gjort slumsut og fagleg uforsvarlegt arbeid med å fyrebu nye fylkesnamn. Men diverre ikkje so mange at framlegget um å senda saki attende til departementet vart vedteke.

Les samandrag av tingordskiftet her.

Me vonar at eit gamalt norskt namn som Uppland skal få vera med oss i framhaldet – lenger en ut dette året.

Det nautne bruket av samnamnet innland må ikkje få trengja Upplandi burt.

Me tel alle til å halda på det rette namnet som ålmenn geografisk nemning, i namn på fylkeslag og dilikt. Ja, i alle samanhengar der ein ikkje plent meiner fylkeskommunen.

Det er leidt å sjå at Noregs Mållag nyttar namnet «Innlandet» når dei byd inn til vetterseminar: «Korleis skapa rom for nynorsk i Innlandet?» Me trudde me stod saman i striden mot denne ugjerdi.

Og havstrand er då ikkje noko livsvilkòr for nynorsken.