Uncategorized

Haldt fast på nemningi fylke!

Fråsegn vedteki på årsmøtet i Høgnorskringen, 23. november 2016.

Det norske riksstyret ser ut til å vilja byta ut den norske nemningi «fylke» med «region».

Årsmøtet i Høgnorskringen 2016 gjeng imot dette bytet.

1. januar 1919 kom nemningi fylke i staden for det danske «amt». I moderne tid hev soleis fylkesnemningi berre vore nytta snaudt hundrad år. Det er ikkje tilrådelegt å setja det latinske «region» i staden no. Fylke kann vera store eller småe. Til dømes var det mange småe fylke i Trøndelag i gamal tid.

Fylke heng saman med ordet folk.

Kast ikkje vrak på den gode norske nemningi fylke!