Uncategorized

Haldt på dei rettelege fylkesnamni!

I denne fråsegni gjeng årsmøtet i Høgnorskringen sterkt imot fylkesnamni Innlandet, Viken og Vestlandet.

Me i Høgnorskringen lyt diverre segja oss leide for måten namnespursmål hev vore handsama i arbeidet med regionreform. Gjeng det so som etladen i regionreformi var, vert fylki styrkte med uppgåvor og mynde som gjer fylkeskommunen meir meiningsfull som folkevalt nivå enn han er no. Skal dette lukkast trur me det er naudsynt at dei som skal råda med seg sjølve, kjenner seg som ein einskap som eikorleides høyrer i lag. Fylki lyt freista vera berarar av lokal identitet i fyrrtid, samtid og framtid, og namnet er det fremste merket åt fylket. Namn på folkeslagi kringum i landet vårt hev ofte samsvara med namnet på fylki, og er det beste me hev til å skapa samhøyr og tilhøyr til tuft for regionalt folkestyre.

Dei historiske fylki var langt fleire enn dei fylki me hev i dag og skal hava frametter, og me sannar at det er krevjande å finna eitt namn som høver fullgodt til mange landskap som friviljugt eller motviljugt vert slegne i hop. Den leidi som det ser ut til å skeiva seg til no, der samarbeidsnemnder millom dei fylkestingi som finst i denne valbolken fær taka seg dei namni dei kjem på og på knapp tid er nøydde til å semjast um, hev synt seg å ikkje stødt gjeva brukande fylkesnamn.

Me treng fylkesnamn som er sedde i samanheng med kvarandre, og det einaste forsvarlege hadde vore um utgangsstoda for ordskifte um og endeleg val av fylkesnamn hadde vore språklege og historiske utgreidingar frå fagkunnugt hald. So kunde denne reformi kann henda ha stade jamherda med det fagnaverket som vart gjort då danske amtnamn vart skifte ut med gamle norske fylkesnamn i 1919.

Me hev merkt oss at Språkrådet hev kome med vituge motlegg mot sume framlagde namn, men det ser ikkje ut til å vega tungt i desse hastande samanslåingsprosessane som skal toga fram utan rast eller ro til å få med historiske band, kunnskap, umtanke og nasjonal yversyn. Med so keiveleg gang i saki til no, meiner me sentrale styremakter i departement og på Stortinget må taka eit andsvar og lyda på innspel frå faglegt hald i etterkant, og ikkje berre tankelaust slå til på dei framleggi nyefylki hev enda upp med sjølve.

Når det no ikkje ligg nokor heilskapleg fagkunnug utgreiding til grunn for ordskiftet um nye fylkesnamn, legg me fram nokre grunnsetningar me meiner nye fylkesnamn bør fylgja:

  1. Fylkesnamni skal halda i hævd historiske fylkesnamn, taka vare på dei gamle namni som er i bruk, eller henta fram att gamle landskaps- eller fylkesnamn um det trengst.
  2. Fylkesnamni skal høva geografisk og historisk godt til dei landskapi fylket skal femna um.
  3. Fylkesnamni skal hava ei form som høver med norskt mål, og rettskrivingi på både bokmål og nynorsk når det er råd.

Dei arbeidsutkasti til fylkesnamn som hev vore bruka, og dei namni som hev kome ut av samanslåingsavtalor, fylgjer ikkje heilt desse grunnsetningane.

Innlandet er det namnet me meiner er verst. Oppland og Hedmark fylke samsvarar tolleg godt med dei historiske Upplandi. Hedmark er i røyndi eitt av upplandi, det som ligg rundt Hamar, og vert teke vare på som namn på nett det landskapet. Oppland derimot er mest berre nytta som fylkesnamn i dag, og dette gode gamle fylkesnamnet gjeng venteleg or bruk um me ikkje held det uppe nettupp som fylkesnamn.

Me meiner det nye fylket etter gjeldande rettskriving lyt heita Oppland. Skal det stå i bundi form, lyt det verta Opplanda som høver i rettskrivingi både på bokmål og nynorsk. Er grannekivet for stort og det vert politisk umogeleg å få det som i dag vert kalla Hedmark fylke inn i eit fylke som hev det dei i det seinaste hev kjent som namnet på grannefylket, er Hedmark og Oppland fylke einaste utveg. Innlandet er ikkje eit norskt stadnamn, det er eit heller nytt påhitt. Samnemnaren på landskap som ligg innanfor Oslofjorden er «oppland», det namnet må ikkje ei regionreform få vraka!

Viken kann ikkje eit fylke heita. Etter grunnsetning 3 lyt det heita Vika. Geografisk og historisk er dette eit låkt namn for landskapi som ikkje ligg ved Oslofjorden, so som Romerike og Ringerike (som i røyndi er uppland), og til fjells i Numedal og Hallingdal. Me hev ikkje noko godt framlegg til denne løgne fylkesskapnaden; det famnar so altfor mykje.

Vika eller Vingulmark hentar like vel fram eldre landskaps- og fylkesnamn, og er ikkje so ille, endå Oslo burde høyra med til desse. Vingulmark høver best med kartet. Vingulmark var fylket i Viki som femnde um fjordlandskapi frå Svinesund til og med Hurumlandet, so som det nye fylket òg skal gjera. Til Viki vart òg Ranrike, Vestfold og Grenland rekna. Framlegget Folda vil me heller ikkje avdøma, men me tykkjer det er rart når Vestfold ikkje er med.

Vestlandet stemmer endå mindre med kartet. Sunnmøringar, ryger og jærbuar rasar med retto mot at dette namnet vert trive frå deim av ei helvt av landsluten. Vestlandet er heller ikkje eit tradisjonelt fylkesnamn. Dei gamle fylkesnamni i denne landsluten greider seg etter måten godt. Hordaland kjem vel kor som er til å liva i namni Sunnhordland og Nordhordland, sameleides som det gamle Vossaveldet hev greidt seg til no. Me tykkjer like fullt hordane burde vera med i eit fylkesnamn, slik som rygene er det i Rogaland. Dette er uhorveleg gamle namn.

Det beste for dette nye fylket trur me er Hordaland, Sogn og Fjordane, eller Hordaland, Sygna og Firda der ein ser att dei rettelege fylkesnamni Sygna- og Firdafylki. Tri namn på eitt fylke er venteleg ikkje ynskjeleg, men det synest uklokt å leggja fram namn som ikkje gjer rett og skil mot jamhæve landskap med hevdvunne fylkesnamn og sterk identitet. Nokre andre historiske namn er dregne fram, som ikkje er so galne. Bjørgvin og Gula er gode namn, men ikkje røynelege fylkesnamn. Dei høyrer til det mynsteret som er for bispedøme (bispesætebyen) og domstolar (gamal tingstad).

Me hev høyrt regionale og sentrale politikarar taka lett på namneval, og kalla det for den minst viktuge saki i ei regionreform. Det er me slett ikkje samde i! Av partii som stend attum reformi, er dei største jamvel mest for å leggja ned fylkeskommunen, og me ottast utfallet um slike haldningar ligg i botnen når fylkesskipnaden vår vert lagd um. Folk og fylke fortener betre!

Vår klåre uppmoding er å sjå på fylkesnamni i samanheng og halda på dei rettelege fylkesnamni.

Ikkje vrak Oppland!

Ikkje tak riksmålsnamnet Viken!

Ikkje gjev ein halv landslut namnet åt heile Vestlandet!

Vedteki av årsmøtet i Høgnorskringen 7. mars 2018.
Prenta i Bergens Tidende 17. mars 2018.
Prenta i stuttmål i Klassekampen 22. mars 2018.

One thought on “Haldt på dei rettelege fylkesnamni!

Comments are closed.