Uncategorized

Helsing til Bjørn Bø

Frå årsmøti i Høgnorskringen og Norsk Måldyrkingslag i 2013.

Høgnorskringen og Norsk Måldyrkingslag set stor pris at medarbeidarane veit å taka vare på målarven vår og halda han i aktiv bruk.

Det er stødt gildt å høyra den stilsikre og velrøkta røysti til Bjørn Bø i Politisk kvarter og Nyhendemorgon, eit ordlag han sjølv nyttar.

Han hentar òg fram ord og former som skil nynorsken tydeleg ut frå bokmål. Dette er viktig i ei tid der bokmålisering av målet er eit røynelegt trugsmål. Til dømes kann me høyra Bjørn Bø segja «tingingar» i staden for «forhandlingar». Soleis viser han at nynorsken er eit eige mål som stend på eigne føter.

Me vil med dette rosa Bø for målkunsti hans – han spreider godt mål inn i alle norske heimar gjenom det gode arbeidet han gjer i rikskringkastingi. 

Hjartans takk til honom!