Me helsar Norskt Måldyrkingslag hjarteleg til lukka med 90-årsdagen i dag!
Norskt Måldyrkingslag (Akademi for det norske målet) vart skipa av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag, Norsk Bladmannalag, Norsk Bokmannslag og Studentmållaget i Oslo 20. oktober 1928.
Måldyrkingslaget vart skipa som eit akademi med innvalde målkunnuge.
Laget hev jamt stade på den klassiske sida av målrørsla og kjempa for ein veldyrka sjølvstendig norsk. Det var soleides kvast og klårt imot målbrigdet i 1938 og læreboknormalen av 1959. Laget stod jamherda med landssamskipnaden vår Ivar Aasen-sambandet i striden mot 2012-rettskrivingi.
Difor er det vel at Allkunne.no nyttar årsdagen for lagsskipingi til å greida ut um høgnorsk på dagsuppslaget sitt.
Allkunne meiner at det er i lyrikken høgnorsken hev havt størst rom. Med tilvising til Olav H. Hauge stemmer vel dette.
Me lyt like vel få segja at det er i det kvardagslege utgreidingsmålet den klassiske måldyrkingi hev den viktugaste uppgåva si. Eit klårt språk med norskt ordval og ordbering, fritt for stiv, passiv og krokut stil, er det som serkjenner god høgnorsk og god prosa.
Me er glade for alle som fremjar høgnorskt mål, men me kjenner Måldyrkingslaget som eit lag som arbeider for godt norskt mål innanfor gjeldande rettskrivingar òg. Og det sannar me at trengst.
Måldyrkingslaget hev ikkje plent kravt at me lyt attra 1938-målbrigdet, skal me skriva god norsk.
I 1988 gav Måldyrkingslaget til dømes ut rettleidingsheftet «Skriv norsk» der det legg fram det beste målet som var lovleg i rettskrivingi som galdt til 2012. Og kann henda viktugare en rettskrivingi: Heftet legg stor vinn på å læra oss godt ordval, ordleiding og uppnorsking.
«Skriv norsk» er eit hefte kvar skrivar lyt hava i skrivarstova si og lesa og læra av, og jamleg lesa upp att. Me alle treng stundom friska upp og retta på målføringi vår. Heftet skal framleides vera råd å få tak i.
Det finst òg ein studieplan til «Skriv norsk». Den er ålmenta på heimsveven hjå Nasjonalbiblioteket.
På 90-årsdagen i dag takkar me Norskt Måldyrkingslag for samvinna i striden for godt norskt mål, mot samnorskpolitikken fyrr og leivdene av honom i dag, og for arbeidet mot dei nye, låke fylkesnamni det siste året.