Høyringsfråsegn um framlegg til brigde i stadnamnlovi

Fråsegn innsend til Kulturdepartementet til høyringi um framlegg til brigde i stadnamnlovi.

Me i Høgnorskringen ser med stor uro på at heradi skal få meir fridom og andsvar i stadnamnsaker. Lokaldemokrati er bra, men det må byggja på kunnskap, sterke faglege føringar og interessa og ikkje minst vyrdnad for dei verdiane som er fyre. Det må ha godt og prinsipielt gjenomtenkte lovfyresegner å styra etter.

Stadnamnlovi lyt tryggja eit tolleg einskaplegt skriftskap som ikkje skifter ved heradsgrensa. Stavemåten må ikkje dylja ordsoga, og han må retta seg etter fastslegne rettskrivingsprinsipp og nedervd uttale. Dei einskilde heradi vantar yversyni og den faglege kunnskapen til å kunna råda so fritt med stadnamni våre.

Me er serleg uroa for alternativ tvo som legg upp til at heradi ikkje treng bry seg med offisielle skrivemåtar. Ser ikkje departementet at eitt og same namn bør skrivast på éin og same måte? Ei slik lovendring opnar for eit skriftkaos utan make. Dette kjem til å hòla ut heile stadnamnlovi.

Me er òg imot framlegget i alternativ éin som gjeng ut på å tillata fleire undantak i praktiseringi av namnevern.

§ 4 um skrivemåtar

Innarbeidde skrivemåtar som gjeng imot nedervd uttale, ordsoga og rettskrivingsreglar bør ikkje tilleggjast meir vekt. Difor bør de ikkje setja ordleidingi «Har skrivemåten vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp» inn i § 4.

Sume velkjende og innarbeidde skrivemåtar som bryt med gjeldande rettskriving, sannar me at det er grunn til å taka vare på. Skal lovfyresegni fortelja noko um det i klårtekst, lyt det koma fram kva vilkòr som gjeld for at me skal kunna godtaka ein skrivemåte utanfor rettskrivingi.

Høgnorskringen meiner i grunnen me burde skriva alle stadnamn i tråd med klassisk nynorske rettskrivingsprinsipp, men me skynar at det offisielle Noreg er bunde av den offisielle normeringi styremaktene diverre hev vedteke. Eit fullt frislepp av skrivemåtar er ikkje ei stoda me ynskjer oss. Offisiell rettskriving lyt vera rettesnori, undantaki lyt vera målfagleg grunngjevne i ordsoga og nedervde målføre.

Når me skal døma um eldre rettskrivingar må me difor setja eit klårt skil millom eldre nynorskrettskrivingar på eine sida og skrivemåtar som heng att frå dansk, dansk forvansking og eldre norskdansk, riksmål eller bokmål på andre sida.

Nynorskrettskrivingane fram til 1938 stod alt frå Ivar Aasen på gjenomarbeidd, fylgjerett og fullnorsk grunn. Brigde i nynorsken frå 1938 hev kome til som politisk vilja tilnærming til bokmål. Denne mislukka samnorskpolitikken gjer ikkje dei «eldre» nynorskskrivemåtane mindre aktuelle når me skriftfester stadnamn i dag.

Stadnamn som er innarbeidde med fullnorske, fylgjerette skrivemåtar som sidan hev vorte tekne ut av nynorskrettskrivingi, bør ei slik klår lovfyresegn gjeva rom for. Desse skrivemåtane er gjerne haldne på på stader der skrivemåten samhøver betre med nedervde målføre og ordsoga en det skrivemåten innanfor gjeldande rettskriving gjer.

Me er soleides for at i-mål, skrivemåtar med etymologisk -d- (breid, lid) eller fylgjerette sjølvljod (myrk, sæter, upp), og andre skrivemåtar som er i tråd med norskt mål, skal få halda fram i stadnamni våre.

Når det gjeld eldre danske, forvanska og norskdanske skrivemåtar er soga ei heilt onnor. Desse må ei klår lovfyresegn fortelja at ikkje skal kunna gjeva grunn til å fråvika hovudregelen um å fylgja gjeldande rettskriving. Dette er skrivemåtar bokmålet hev forlate i arbeidet med å gjera dansken til noko slag «norsk», og må difor dømast hardt og visast ut. Dei høver ikkje i norske stadnamn.

Her må det vera grunn til å spyrja kva som skal vernast. Er det danske skriftskap frå 1600- og 1700-talet eller er det nedervd norsk uttale? Skriftformene finst i etternamn, òg i skriftlege kjeldor, og slik me ser det treng desse i grunnen ikkje noko vern. Folk fær halda på w-ar, -sch-, -th- og øi- eller øj-tviljod og anna gamalt unorskt jål i etternamni sine. Etternamni høyrer ætti til, men stadnamni høyrer heile folket, lokalsamfundet og grannane til. Dei må ha offisielle skrivemåtar som høver norskt mål.

Det som verkeleg treng vern er den nedervde uttalen, som i dag er under stort påtrykk.

Fyresegni (§ 4 andre leden) um at skriftskapet som upphavleg er nytta i eitt namn òg skal gjelda for andre namn med same lekken, bør ikkje endrast. Dette kjem til å føra til mindre samsvar i skriftskap.

§ 3 Namnevern

Fyremålet med stadnamnlovi er å taka vare på namni våre. Det meiner me er ei viktug fyrelòga, og me ynskjer at lovi skal vera ei verksam verjeråd når stadnamni våre er i spel. Difor er det leidt å sjå at departementet ynskjer å mykja upp praksisen med å gjeva undantak frå namnevernet.

Namnebyte som gjeng fyre seg yver tid ber ikkje til utan menneske stend attum – viljande eller uvitande. Me ottast at stadnamn på stader i vokster er utsette. Tilflytjarar hev oftast liten lokalkunnskap og kommersielle krafter vyrder ikkje alltid gamle namnetradisjonar der det er kome ein tettstad. Dei kann ynskja å ikkje nytta det gamle namnet, og heller byta det med namnet på heradet eller namn på stasjonsstaden, poststaden, skulekrinsen eller kyrkjesokni. Namn som gjerne er betre kjende og som dei kann henda trur er meir brukande til marknadsføring.

Soleides byrjar dei nytta namn som er henta frå andre stader i heradet eller krinsen og trengjer det gamle namnet på staden burt.

I motsetnad til det som er skrive i vurderingi frå departementet, meiner me lovverk og praksis bør ha som fyremål å motverka ei slik tilskeiving der tradisjonelle namn vert burttrengde yver tid. Stadnamnlovi lyt i det lengste stå på sida åt dei nedervde namni som hev heimstadrett på staden. Me meiner serlege grunnar for namnebyte må tolkast minst like strengt som i dag.

Sluttord

I det heile er me uroa for framleggi um at heradi skal få større fullmakter til å fastsetja namn og skrivemåtar. Heradi hev gjerne ikkje den mål- og namnefaglege kunnskapen som trengst for å døma um skrivemåtar høver til ordsoga og nedervd uttale – eller um eldre skrivemåtar er fylgjerette og gode eller berre unorske attergløymor etter dansk forvansking. Både førande rådgjeving og mynde i desse sakene må liggja ein stad der sakkunna er sterk nok. Det trur me ikkje er tilfellet i dei einskilde heradi.

Stadnamni våre er viktug kulturarv som me må verna um. Det gjer me ikkje ved å mykja upp namnevernet og veikja dei faglege føringane i stadnamnlovi.

Høgnorskringen bed Kulturdepartementet leggja burt desse framleggi til lovbrigde og heller leggja fram nokre klåre lovfyresegner som tryggjer norske stadnamn med gode norske skrivemåtar.