Uncategorized

Høyringsnotat til fyrehavingi av nye fylkesnamn

Notat sendt til kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget i samband med høyringi i komiteen, 24. april 2018.

Sjølve den munnlege komitéhøyringi, der formannen i Høgnorskringen var med, er utlagd her på netsida til Stortinget.

Høgnorskringen hev alt sagt frå til komiteen um kva me meiner um nye fylkesnamn i fråsegn frå årsmøtet 7. mars i år, send til komiteen 8. mars. Når regjeringi hev gjort framlegg um fylkesnamni Innlandet, Viken og Vestland, lyt me fylgja upp fråsegni med nokre merknader til komiteen.

Me meiner komiteen og Stortinget ikkje kann fylgja desse tilrådingane. Dei byggjer ikkje på nokor fagleg utgreiding. Regjeringi ser burt frå alle andre innspel en dei som fylkeskommunane på stutt tid og utan serleg historie- og språkfagleg rettleiding var nøydde til å semjast um.null

Uverdig handsaming av namneskatten vår

Gangen i denne saki hev vore heilt rangsnudd. Fylkeskommunane hev havt fri idédugnad og dryft og kome fram til nytt namn fyrst, so hev Språkrådet gjeve utgreidingar til departementet der dei fråråder dei nylaga namni som fylkeskommunane hev kome på. Til sist hev departementet sagt at det er det lokale folkestyret som tel, og ikkje fagkunnskapen, og legg fram ein proposisjon med sterkt frårådde fylkesnamn som tilråding frå regjeringi.

Dette er ingen verdig måte å handsama namneskatten vår på. Det er heller ikkje ein verdig måte å driva lovgjeving. Utgreiding og kunnskap må vera førande for politikken, og må koma fyrr ein gjer seg upp ei fastlæst meining. Denne saki er ikkje eingong send til skriftleg høyring.

Framleggi til nye fylkesnamn

Det er ulike vanskar med dei tri nye fylkesnamni proposisjonen legg fram.

Innlandet er ikkje eit stadnamn. Det finst innland i Trøndelag, Buskerud, Telemark, Agder og Finnmark òg. Oppland er det rette namnet på landet nord for Oslofjorden, på både Oppland fylke (Vest-Oppland) og Hedmark fylke (Aust-Oppland). Meiner komiteen at kultur, historia og tradisjonar hev noko verd i politikken de fører, kann de ikkje byta ut eit gamalt fylkesnamn med ei slik nylaging som Innlandet. Dette fylket må ha Oppland med i namnet sitt. Hedmark og Oppland fylke er ei tenleg millomløysing, um det ikkje kjem på tale å kalla heile fylket Oppland(a).

Viken hev ei form som ikkje høver med dei lokale målføri. Skrivemåten bør vera Vika.

Vestland løyser ikkje floken som var med namnet Vestlandet. Det er eit namn som høyrer til ein større landslut en det nye fylket. Komiteen må sjå på dei andre namni Språkrådet held fram i proposisjonen, so som Gula og Bjørgvin.

Me er elles samde med Språkrådet i at namnespursmåli for dei nye storfylki ikkje er fullgodt upplyste. Det beste hadde vore um dei ulike namnevali vart meir fullnøgjande utgreidde av ei fagkunnug nemnd med namnefagleg og politisk kompetanse.

Ingi skam å snu

Komiteen gjer klokt i å lesa det Språkrådet segjer i proposisjonen, og fylgja dei faglege tilrådingane der. Fylkesnamn er viktuge kulturminne, og høyrer med til kulturarven til heile landet vårt. Dei skulde vore utgreidde i samanheng. Tilrådingi frå regjeringi gjev namn i bundi form, namn i ubundi form, Vestland som ikkje er heile Vestlandet, Innlandet som ikkje er alt innland. Det er eit stort rot.

Det er eit tungt andsvar å vera lovgjevar, og me vonar de som sit på Stortinget torer å sjå på desse fylkesnamni på eit fritt grunnlag. Fylkeskommunane kann ikkje få den bindande avgjerdsmakti her. Ikkje slik denne saki hev gjenge fram.

Det er god politikarsed å stå ved ei framtinga semja, men når ho er komi til på eit so ustødt grunnlag som dette, er det ingi skam å snu.

One thought on “Høyringsnotat til fyrehavingi av nye fylkesnamn

Comments are closed.