Høyringssvar til utkast til ny mållov

Høgnorskringen takkar for innbjodingi til å segja noko um utkastet til ny mållov.

Me meiner det nye utkastet tek inn nokre gode fyresegner. Til dømes slær fyremålet med lovi fast at lovi skal fremja jamstelling millom bokmål og nynorsk. Jamstellingsvedtaket frå 1885 hev enno ikkje gjeve nokor jamstelt målstoda i landet, og me treng ei verksam mållov til å støra og føra stat og styringsverk fram til å gjera røyndom av den vedtekne jamstellingi. Difor er det naudsynt at fyremålsparagrafen nemner det serlege andsvaret for å fremja det minst bruka skriftmålet.

Samstundes er det leidt at framlegget tek ut skyldnaden til den einskilde statstilsette til å nytta båe dei offisielt jamstelte og likeverdige måli bokmål og nynorsk. Dette kjem til å verka imot fyreloga åt mållovi. Nedanfor tel me sterkt til at ei fyresegn um tenestleg skyldnad til å skriva på både nynorsk og bokmål framleis skal vera med i lovverket.

I gali leid meiner me òg det gjeng når departementet ikkje gjer framlegg um at det skal fylgja sanksjonar med brot på lovi. Den største skorten med lovi i dag er at ho ikkje vert haldi i age. Me hev ingi tru på at ei ny lov evler å beinka alt som er misjamt i offentleg målbruk utan å kunna truga med merkande refsing.

Me er elles glade for at utkastet hev med ein eigen klårspråkparagraf og ei fyresegn som segjer at statsorgan skal ha namn som høver med norskt mål.

Ut med målform – fram for ein sjølvstendig nynorsk

Me er samde i umdømingi departementet gjer um å kalla nynorsk og bokmål «språk» i staden for «målformer», endå me helst hadde ynskt at namnet på sjølve lovi og lovi i heilo helder heldt på det heimlege ordet «mål». «Jamstilte skriftspråk» er ei greid nemning.

«Målform» høyrer saman med samnorskpolitikken, som i namnet er avskipa. «Tilnærmingspolitikken er no eit tilbakelagt stadium» heiter det i høyringsskrivet. Gjev det var so vel. Tilnærming til bokmål hev i gagnet vore førande for nynorsknormeringi i større mun ved 2012-målbrigdet en i dei siste tiåri samnorskparagrafen galdt.

Dei fagre ordi i høyringsskrivet um kulturell rikdom og språkvern læt holt når me minnest korso norske styremakter hev fare fram mot den klassiske nynorsken. I-mål og fylgjestrengt Aasen-mål hev vore neitta rom i offentleg målbruk sidan 1938, og romsemd, mangfald og kulturell rikdom hev ikkje lege til grunn i møte med den tradisjonelle nynorsken sidan. Utestengjing og forbod hev vore rådande politikk.

Ein livande skrifttradisjon utanfor det offisielle målet hev like vel vore halden ved lag i kjærleik til norskt mål og i motstand mot målblandingi. Men denne tradisjonen hev ikkje fenge nemnande framhjelp frå mål- og kulturpolitikken. Ikkje etter at samnorskplanane var burtlagde helder. Snarare tvert um. Rettskrivingi frå 2012 kasta ut i-målet og mange av dragi frå klassisk nynorsk som hadde havt rom i sideformer, og opna for ei rad skrivemåtar frå bokmål. Den einsiduge tilnærmingi til bokmål held diverre fram.

Høgnorskringen krev rom og rett for den ubrotne tradisjonen me hev for klassisk nynorsk, og arbeider for å få burt alle stengsle mot å nytta høgnorsk på alle leider i samfundet, og same rettane for i-mål som i dag gjeld for a-mål. Me skynar at tenesteverket er bunde til offisiell rettskriving, men me må mæla imot når riksstyret læst hava umsut for målmangfald og minoritetar samstundes som det ikkje gjer noko med tyningstiltaki som er sette inn mot norskt mål i sitt beste lag.

Me kann berre vona at det me les um at «målform»-tenkjing og bokmålstilnærming skal vera avlagd, snart ovrar seg i gagnet òg. Styremaktene må hugsa på at me hev ein sjølvstendig nynorsk med eigen serhått og eigen skrifttradisjon. Det må syna att i den praktiske målpolitikken frametter.

I millomtider treng me ei mållov som i full mun lèt prinsippet um jamstelling og likeverd for nynorsken råda i det offentlege Noreg. Til dette er ikkje lovutkastet godt nog.

Verkekrinsen åt lovi (§ 3)

Me er imot at ymse statstilknytte organ i nokon serleg mun skal kunna hava undantak frå fyresegnene um offentleg målbruk. Når statleg verksemd vert skipa i eigne selskap, må kravi um norskt mål fylgja med. Norskt mål er eit samfundsandsvar i alt staten syslar med, og målpolitikken kann ikkje vera avgrensa til dei fagfelti som måtte vera att i sjølve stats- og heradsadministrasjonen. Politikken vert meir og meir hòlut når fleire og fleire uppgåvor vert løyste i eit utal ymsande selskapsskipnader på sjølvstyr. Kravi til målbruk må fylgja med i all slik umskiping og tøyma denne villvoksteren.

I tevling med private er det nettupp viktugt at statstilknytte selskap held uppe eit andsvar for norskt mål på sine umkverve.

Private selskap som vinn uppgåvor som er utlagde frå statlege styringsgreiner, rådhus og fylkeshus, yter i røyndi offentlege tenestor. Dei må òg ha krav på seg til å fylgja dei same målbruksfyresegnene som det stat og herad gjer, og det må mållovi segja ifrå um.

Fylkeskommunale språkvedtak

Med umskiping og samanslåing av fylke og herad vert nynorskheradi og nynorskbrukarane mangstad endå smærre minoritetar. Me er samde i at det difor er grunn til å sjå på andre måtar å skipa til målslege rettar på i fylkeskommunen. Her må fyresegnene meda på fyremålet um å fremja det minst bruka skriftmålet. Det er nynorskbrukarane som mest hev bruk for lovgjevne rettar til å møta sitt eige mål i ålmenta.

Tenesteplikt (§ 16 Krav til skrivekompetanse)

Departementet skriv at plikt til den einskilde tilsette er ein utdatert måte å formulera eit krav på. Me ser like vel tunge grunnar til at det skal halda fram med å vera ein uttala tenestleg skyldnad for den einskilde statstilsette å bruka nynorsk og bokmål etter fyresegnene i lovi.

Det er ei ugjerd at offentlege arbeidsstader hev sine nynorskskrivarar som tek denne uppgåva, medan dei hine sviv rundt i bokmålsheimen. Sumstad i staten øyder dei upp pengar på umsetjingshjelp utanfrå til å få nokre faste sidor på nynorsk, og endar snøgt med utdatert tilfang i nynorskutgåva. Me meiner at staten må krevja at dei faste medarbeidarane kann skriva fullgodt norsk; dei lyt vera budde på at nynorsk er eit vanlegt arbeidsmål, kunna gjera denne jobben sjølve og soleis halda ved lag eige skriftlegt tilfang.

Mållovi styrer den målbruken som vender seg ut til innbyggjarane og ålmenta. Ho må like vel ikkje gløyma verknaden ho fær for deim som arbeider i statsstyringi. Nynorsk skal då vera jamstelt og likeverdigt mål for tenestemenner òg, må vita, men det synest ikkje dette lovutkastet hava umsut for.

I ein arbeidskvardag lyt medarbeidarane oftast samarbeida um skriftlege uppgåvor. Er det ikkje ein skyldnad for kvar einskild tenestemann til å skriva nynorsk, då er det helder ingen røynleg rett til å skriva nynorsk for dei tenestemennene som gjerne ynskjer det.

Nynorsk må vera aktuelt og røynlegt arbeidsmål for alle, skal det kunna vera eit vanlegt og kvardagslegt arbeidsmål for nokon, og me må krevja og venta at alle statstilsette meistrar norsk på grunnskulenivå. Kravet um at organet skal ha «nødvendig skrivekompetanse» tryggjer ikkje nynorsk til vanlegt arbeidsmål, men kann lett gjera det til eit reservat i arbeidslandskapet.

Å ha denne fyresegni nedskrivi bør ikkje stengja for at staten sumtid kann tilsetja gode søkjarar med annan bakgrunn en norsk grunnskule. Til det kann det framleis vera avgrensa undantak heimla i fyresegner. Når det er ein sjølvsagd ting at stormengdi av dei tilsette hev ein funksjonell nynorsktame, skal det vera greidt at desse hjelper og rettleider den nytilsette gjenom ein arbeidsdag der nynorsk skal vera eit brukande arbeidsmål.

Tek ny mållov burt dette kravet som er sett til den einskilde, kjem det radt til å verta tolka som ei røynleg veikjing av den jamstelte statusen til måli. Det kviler ikkje på kvar og ein å kunna skriva norsk, so då tarv vel ikkje uinteresserte skuleelevar læra å skriva nynorsk helder?

Ein slik bodskap hev fulla ikkje departementet meint å bera fram. Det skriv då òg at det «meiner framlegget gjer at ein framleis bør ‘kunne nynorsk for å få jobb i staten’, slik reglane blir formulerte på folkemunne». Men det hjelper lite at departementet skriv at det meiner dette. Me hev eit lovkrav til den einskilde i dag. Gjer me dette til eit krav til statsorgani, er det i røyndi ei undangraving av at retteleg norskkunnskap i både nynorsk og bokmål skal vera sjølvgjeven hjå dei statstilsette.

Skal ei umvølt mållov bøta på det som ikkje held mål i staten i dag, lyt kravet til at tenestemenner skal skriva på dei offisielt jamstelte måli helder vera sterkare målbore i lovfyresegnene.

Etterlìving av lovi

Røynsla syner at mållovi er ei veik hjelperåd til å setja gjenom norsk målpolitikk, so lenge medvitet og viljen til å fylgja lovi er vesal ute i dei einskilde statsorgani. Det hev stødt vore stor medvitsløysa samfengd med kunnskapsløysa og ikkje so lite dugløysa og illvilje kringum i tenesteverket. Det er mogelegt at klagerett, tilsyn og rettleiding styrkjer lovi noko, og gjev auka merksemd um statleg målbruk. Utkoma kann verta litt betre etterfylgjing av denne lovi en fyrre, men utan røynleg og merkande refsing vert det helder åfått.

Brot på lovi må møtast med sanksjonar.

Ei umvølt mållov må læra av den fyrre der den ikkje hadde den tiltenkte verknaden. Tilsette i statsorgan hev ikkje det fulle medvitet um at dei skriv på vegner av arbeidsgjevar og etter dei målslege fyresegnene som arbeidsgjevaren – staten – hev gjeve.

Staten hev éin språkpreferanse: Nynorsk og bokmål er fullt jamstelte mål. Skriv du for staten, skal du like gjerne bruka det eine som det andre. Like vel held dei personlege språkpreferansane til einskildtenestemenner fram med å vera førande for språket i staten. Denne haldningi vert di meir studd av framlegget um at målbruk ikkje lenger skal kallast ei tenesteplikt.

Det heile dreg etter seg at det minder bruka målet, nynorsk, er og vert ei sersyn. Statsorgani nyttar slett ikkje like gjerne bokmål og nynorsk, men set kann henda av sume slag skriv og uppslag som skal vera på nynorsk i voni um at dei kjem i nærleiken av minstekravet til bruk av nynorsk. So fær me ein offentleg nynorskprosent godt under det som er lovlegt, og som held seg ulovlegt låg tiår etter tiår.

Når Språkrådet fylgjer med på dette og legg fram årlege fråsegner um den syrgjelege stoda, er det mesta so det legitimerer lovløysa. Lovbrot som ikkje fær merkande fylgjor grev undan vyrdnaden til lovi.

Stoda i dag er so låk at framlagde velmeinte tiltak um informasjonsarbeid og tilsyn ikkje er fullnøgjande. Det må vera sanksjonar. Det skal ikkje vera aktuelt for eit statsorgan å nytta mål på ein annan måte en den mållovi set fyre.

Utgang

Høgnorskringen meiner staten må halda seg med fyresegner som gjev full jamstelling for nynorsken. Målbruk i staten skal vera regelstyrd og ikkje bunden av velviljen åt den einskilde tilsette. Difor vonar me denne umvølingi av mållov kann gjeva ei endå sterkare lov en utkastet no er. Det må vera ein skyldnad for alle statstilsette å bruka både nynorsk og bokmål, og lovbrot må få merkande fylgjor.