Høyringssvar innsendt til Kulturdepartementet um «Utkast til reglar om fullmakter og behandlingsprosedyre i rettskrivingssaker».
Høgnorskringen takkar for å ha fenge tilsendt høyringsbrevet frå Kulturdepartementet.
Som departementet torer kjenna til, hev Høgnorskringen vore usamd i den innstramingi i nynorsknormi som hev gjenge utyver dei tradisjonelle formene. Dette hev vore former som knytte målet til skrifttradisjonen frå Ivar Aasen og dessutan synt samband millom målføre og nynorsken.
Me ottast at vide og tøygjelege umgrep som «tenleg normeringstempo», «faktisk språkbruk» og «skjønn» kann føra til at nynorsken tek inn endå fleire bokmålslike eller bokmålsliknande former. Bymål spreider seg til bygdene mange stader i landet, og i dei moderne bymåli finn me ikkje fåe innslag av bokmål. Det er viktugt å halda uppe tydelege og greide skilje på bokmål og nynorsk, og med tanke på måljamstellingi i staten og skulen. Spursmålet um det er nokon grunn til å læra nynorsk når dei tvo «formene av norsk» liknar kvarandre meir og meir, kann koma upp med full styrke. Sume elevar spør um det same i dag.
Ringen vil halda fast på at rettskrivingsbrigde er ei offentleg og demokratisk sak som bør leggjast fram for departement og Stortinget. Me tykkjer difor det ikkje er rett å gjeva Språkrådet vidare fullmakter enn det Norsk språkråd hadde. Høyringar og ordskifte um rettskriving er ein godt innarbeidd praksis som lyt halda fram.
Elles vil me rå til at umgrepet «skriftmål» vert nytta i staden for «målform» av di dei tvo måli hev kvar sin tradisjon og eigne sermerke. Samnorsklina er som kjent burtlagd no.
Departementet nemner i høyringsbrevet eit framlegg um tilrådd norm i nynorsk for å visa veg gjenom valfridomen. Høgnorskringen er skeptisk til ei slik norm sidan det var meiningi at skiljet millom hovud- og sideformer skulde avskipast. Det er òg problematisk dersom ei slik norm gagnar dei gamle «tilnærmingsformene».
Me ser fram til opne, demokratiske ordskifte um målbruk og rettskriving i åri som kjem.