Ivar Aasen, 205 år

Mange høgtidar 205-årsdagen åt Ivar Aasen i dag med gode ord um og på ein nynorsk som vandar dei grunnsetningane Aasen bygde på og dei grunnformene han sjølv valde. So lite klassisk nynorsk det er i ålmenta etter tiår med offentlege forbod, er det inkje under um folk gjerne trur skulenynorsken i dag er ei moderne utgåva av Aasen-målet. At Aasen-målet høvde med norskt folkemål på 1800-talet, men at både tale- og skriftmål i dag hev vakse jamt og stødugt burt frå dette.

Soleides er det ikkje. Det er ikkje nokon naturleg og folkeleg framdriven vokster som hev gjort nynorsk i dag so ulik målet hjå Aasen. Det var ein vilja samnorskpolitikk gjenom vedtak ovanfrå som førde skriftmålet burt frå dei fulltonande formene, dei einskaplege og samlande skrivemåtane og den indre samanhengen i Aasen-målet.

Grunndragi i målet Aasen sette upp høver på lag like godt (eller låkt) med dei nedervde målføri i dag som på hans tid.

Aasen visste godt at i-målet (saki, epli, konor, konone) var utbreidt i langt minder folketette landsluter en formene som er dei einaste lovlege i rettskrivingi no (saka, epla, koner, konene). So var det ikkje ei uppskrift av målet plent slik det lydde hjå flest folk han sette seg fyre å laga heller. Det var eit einskaplegt mål for heile landet med ein sterk indre samanheng i skrivemåtane millom ord og bøygde former.

Når det heiter sagde, tagde, pløgde, løgne og nøgne, so skal g-en vera med i segja, tegja, pløgja, løgjen og nøgjen mèd. Når det heiter daud, skriv me òg snaud med -d. Me skriv tumla og rumla og sumla og fumla, og so frametter.

Ivar Aasen var sers nøgjen med å syna samanhengen i målet og setja upp eit fylgjestrengt mål. Den beste høgtidingi av mannen og verket er å fylgja grunnsetningane hans for målet og halda seg til den klassiske skrifttradisjonen som er halden ved lag i høgnorskrørsla i strid med gjeldande samnorskrettskrivingar heilt fram til i dag.