Ja til nynorsk på Bybana!


Det var eit godt tiltak frå fylkespolitikarane i Hordaland då tingseta fyrre vika slo fast at det nynorske tenestemålet gjeld for kollektivtilbodet og dei vidaregåande skulane i Bjørgvin by, på lik lina med resten av fylket. Med di skal millom anna Bybana nytta nynorsk i uppslag og meldingar til dei reisande.

Leidarteigen i Bergens Tidende finn på å mæla imot dette vedtaket. Dei kallar det uturvande symbolpolitikk og meiner fylkespolitikarane burde halda seg til andre saker når dei skal fremja nynorsken. Bjørgvin by burde få ha bokmål.

Men Bjørgvin er ikkje noko bokmålsherad. Heradet er formelt språknøytralt, det femner um gamle nynorskkrinsar og det ynskjer å vera midstaden for den landsluten som er kjernelandet for nynorskbrukarar i landet vårt.

Bjørgvin er ein viktug stad i den nynorske kultursoga, og bjørgvinsmålmennene er viktuge i den bjørgvinske kultursoga.

Det er ikkje «berre» symbolpolitikk å få nynorsk i den offentlege samferdsla. For den språklege jamstellingi i landet, for at nynorsk skal vera relevant for folk og for at innbyggjarane skal få møta sitt eige mål og båe dei jamstelte måli, er det eit sers godt tiltak å gjera det synlegt i det kvardagslege bybilætet soleides.

BT hev rett i at det er andre ting som godt kann gjerast for betre nynorsktilbod til skuleelevane i fylket, men nynorsk er ikkje noko me einast finn i skulestova. Det høyrer heime på alle umkverve. Vaksne skal òg få møta nynorsk frå det offentlege, og styremaktene hev andsvar for at målpolitikken syner att på gata.

Det er godt dei sumtid tek dette andsvaret.