Minneord um Johannes Gjerdåker (1936–2020)

På prent i Bergens Tidende, 5. mai 2020.

Med burtgangen til Johannes Gjerdåker 27. april hev målrørsla og høgnorskmiljøet mist ein poet som song med ei klår og sterk røyst. 

Gjerdåker var ein logn og finsleg vossing som stod trufast på heimleg grunn, samstundes som han hadde utsyn mot den store verdi. Han dyrka nynorsken med hag hand, og hev soleis vist veg for mange andre. I mange år gav han ut artiklar og umsetjingar som til fullnads synte kor godt han kjende verdslitteraturen og dei store måli, og kor vel han kunde setja norske ord på dei største tankar.

Johannes Gjerdåker var styresmann i Ivar Aasen-sambandet, innvald i Norsk Måldyrkingslag og lagsmann i Høgnorskringen og var soleis med i det høgnorske målarbeidet. Han skreiv i både Norsk Årbok og bladet Vestmannen, og han heldt sterkt fram at nynorsken måtte odlast på eigen grunn og med vyrdnad for Ivar Aasens verk.

Me minnest ein kunnig og skynsam lagsmann som gjerne gav ros, men aldri peika på dei storverk han sjølv hadde gjort. Men Johannes gjorde verk som varar. Han leiver oss ein rik arv.

Takk for velgjort, Johannes!

For styri i Norsk Måldyrkingslag, Høgnorskringen og skriftstyret i Norsk Årbok
Ole Jakob Totland, Håvard Tangen og Thorgeir Holm