Nyhende

Nei til norskdansk nasjonalsong i offisielt bundi form

Fråsegn vedteki på årsmøtet i Høgnorskringen i Oslo, 23. november 2019.

Årsmøtet i Høgnorskringen åtvarar Stortinget mot å fylgja tilrådingi frå familie- og kulturnemndi um å taka ved songen «Ja, vi elsker dette landet» til offisiell norsk nasjonalsong.

Me meiner fråsegni frå kulturriksråden til nemndi var god, og at dei folkevalde må høyra på den atterhaldne fyreteljingi frå fagdepartementet i denne saki. Saki hev ikkje vore til onnor dryfting eller sakkunnug utgreiding en det me les i dette svarbrevet som ligg ved tilrådingi, og Stortinget gjer uklokt i å føra saki gjenom ei lettvinn dryfting og formelt vedtak no.

Når kulturnemndi skriv i tilrådingi si at ho meiner framlegget hev breid studnad i opinionen, byggjer ho på attermeldingar frå eigne medhaldsmenner. Me er kann henda ikkje so mange som idest lyfta røysti og tala beint imot framlegget – «Ja, vi elsker» er då i praksis norsk nasjonalsong å kalla – men nokon trygg folkeleg grunn stend ikkje eit slikt formelt vedtak på. Det kann ikkje Stortinget vita. Framlegget frå fyre sumaren hev ikkje gjeve noko ope ordskifte i ålmenta um emnet, men hev berre skapt hovudskaking og låtteleggjering – det me hev frett frå vår synsstad.

Høgnorskringen meiner det er gale at ei statsmakt formelt skal taka ved denne songen til offisiell norsk nasjonalsong. Det er eit uturvande og låkt vedtak.

«Norskt mål vil me i Norig hava, inkje lenger med dansken kava»

Låkt er vedtaket med di det høgjer ein norskdansk tekst upp til einrådande nasjonalt samlingsmerke. «Ja, vi elsker» hev ikkje vore einrådande nasjonalsong i landet, ymse lag og rørslor hev då halde fram og samla seg um songen «Nordmannen» («Millom bakkar og berg») av Ivar Aasen i staden.

Når styremaktene ser heilt burt frå dette, og kjem med slik kulturell standardisering og einsretting, smakar det gamaldags nasjonsbyggjing ovantil. Motkulturane – ein sterk straum i norsk kultur og politikk, samfundsliv og soga – hev stade for demokratisk fylkjing av folkelege motkrafter og motrøyster mot nettupp slik einsretting.

Målrørsla hev vore sterkt med i denne demokratiserande motstraumen frå periferien som hev bore uppe andre synsmåtar på det norske en det borgarleg midstadkultur jamt byd oss. Ein norskdansk bokmålssong kann ikkje vera nasjonalsong for Noreg. Han kann i alle fall ikkje vera det åleine.

Det er hevd for å kalla «Ja, vi elsker» fedrelandssongen og «Gud signe vårt dyre fedreland» fedrelandssalmen. Soleis hev nasjonalsongane våre femnt um båe dei jamstelte skriftmålstradisjonane i riket. Skal ein plent gjeva songar status gjenom stortingsvedtak, burde i minsto denne jamstellingi av måli og songtradisjonane koma med i vedtaket.

Kulturnemndi skriv at eit vedtak skal «sørge for at det aldri vil herske tvil om hva som er vår felles nasjonalsang». Men politikarar som vil fremja norsk nasjonal song kann då ikkje nøgja seg med at folk kann denne eine songen. Kva då med «Gud signe Norigs land», «Fagert er landet», «Barndomsminne frå Nordland» («Å, eg veit meg eit land»), «Nordmannen» og «Døla-visa» («Flaumen går»)?

Ei slik einsretting der bokmålskulturen er sett til riksstandarden, er i beste fall kulturpolitisk blindskap og sogeløysa.

«Ja, vi elsker» skulde få vera ein uoffisiell nasjonalsong framboren av folkeleg vilje og ynske til å syngja denne songen. Stoda åt songen er ikkje truga. Han toler tevling, og på idrottsbana vinn han visseleg. Songen stend i fremste lina i lag med eit mangfald av gode norske nasjonale songar. Me som ynskjer å halda fram andre songtradisjonar, me syter for at det òg kjem andre songar med på songarket på høgtidardagane. Me kann ikkje tru at kulturpolitikarane våre kann hava noko imot det.

Det å få eit vedtak der Stortinget peikar på «Ja, vi elsker» og segjer at den skal vera det eine nasjonalmerket i dag, det treng me ikkje og det vil me ikkje hava. Skal me plent ha offisielt vedtekne nasjonalmerke, må vedtaki fylgja den offisielt vedtekne kulturpolitikken og jamstella nynorsk- og bokmålstradisjonen på denne teigen òg. Ikkje ved å laga ei nynorskumsetjing, men ved å setja ein annan song jamsides. Der er mykje godt å velja i.

Men i grunnen treng me ikkje nasjonalsong i offisielt bundi form. Stortinget gjer klokast i å ikkje skapa denne floken. Høgnorskringen råder Stortinget til å avvisa heile framlegget og røysta imot tilrådingi frå familie- og kulturnemndi.

Ei avstytt utgåva av fråsegni stod på prent i Vårt Land, 4. desember 2019.