Norsk Årbok 2023

Årboki for 2023 er nett komi frå prenteverket. Me fyrebur utsending åt lagslyden i Høgnorskringen og i Norskt Måldyrkingslag.

Stutt um boki

Or soga er mang ein lærdom hentande, og den som ikkje kjenner soga si, fær snart høyra dei mest langhenta lygesogor. Norskdomsrørsla hev fostra mange dei som hev visst å skilja klårt millom tjodarhug og tjodarhat, og visdomen deira er til gagns i dag som fyrr.

Her kann me lesa eitkvart um Henrik Rytter og Olav Sletto, tvo målsmenner for slik ein norskdom. Av anna tilfang fortel Kristin Fridtun um målergeboki si, medan Ole Jakob Totland byd på tri stykke um ukrainsk målreising, um Albert Joleik og so um ymse jolakvæde. Me kann dessutan lesa um Ragnhild Foss og um det rangt utkomne ordstevet «me sjåast.»