Norsk Årbok

Norsk Årbok er eit skrift til fremjing av høgnorskt mål. Fyrste rekkja kom ut i 1920–39; andre rekkja kjem ut sidan 2005.

Netpost til skriftstyret: norskaarbok@hognorsk.no

Norsk Årbok skal vera eit vegamot for folk som vil skriva på sjølvlitande norsk, og dei som vil lesa det. Boki skal taka upp ålment forvitnelege emne frå kultur, vitskap og samfund, og tena til uppkoma og utveksling av norske nemningar frå ulike umkverve, og til odling av norsk skrive­kunn­esta og målkultur i det heile.