Norsk målstemna

Norsk målstemna 2020

Det er tridje året at Norsk målstemna gjeng fyre seg på Litteraturhuset i Oslo. Emnet i år er tvo diktarar som båe skreiv på høgnorsk, eller klassisk norsk: Hans Henrik Holm og Olav H. Hauge. Bakgrunnen deira var ulik, og det var òg skilnader i stilen og kva tema dei skreiv um. På dette seminaret skal me læra meir um deim båe tvo.

Tilskiparar er Høgnorskringen, Norskt Måldyrkingslag og målnemndi åt Bondeungdomslaget i Oslo.

Program

Laurdag 29. august i Berner-kjellaren
Kl. 12.00: Hans Henrik Holm – arkaiskt mål eller folkeleg tale? Ved Anders O. Søyseth, styresmann i Høgnorskringen
Kl. 12.45: Hans Henrik Holm i Setesdal. Ved Leonhard B. Jansen, leidar av Setesdalsmuseet
Kl. 13.30: Pause
Kl. 14.00: Skùmt um havlandet skòddheimen låg. Ved Cornelius Jakhelln, diktar og musikar
Kl. 14.45: Olav H. Hauge og nynorsk attdiktingskunst. Ved professor Klaus Johan Myrvoll og fyrsteamanuensis Ronny G. Spaans

Det er fri inngang. Av umsyn til korona-stoda kann det verta påmelding. Meir informasjon kjem då i straumpost frå oss.

Utferd sundag 30. august

Me etlar oss på utferd til Svartskog i Uppigard i Follo. Meld ifrå åt meg um du vil vera med. Det kjem nærare upplysingar um utferdi seinare.