Norsk målstemna 2024

Norsk målstemna held i år hundradårshøgtid for skalden Olav Nygard som døydde i 1924, snaudt fyrti år gamal.

På stemna fær me høyra

Ronny Spaans røda um livssoga til Nygard
Klaus Johan Myrvoll um målet hans
Erlend Skjetne um diktingi hans og sitt eige møte med denne skaldskapen

Målstemna vert haldi på Kverneland-romet i andre høgdi på Litteraturhuset i Oslo, laurdag 7. september frå kl. 12.00.

Fri inngang! Vel møtt!

Utferd sundag 8. september

er ikkje endeleg fastlagd enno. Kva det vert til, skal me vitra um i god tid.

Det er Høgnorskringen, Norskt Måldyrkingslag og målnemndi i Bondeungdomslaget i Oslo som saman skipar til Norsk målstemna. I år er det sette året på rad me bed inn til denne stemna.