Innlegg på prent i Dag og Tid, 4. september 2020.
I spyrjeleiken i Dag og Tid nr. 32 les me at stadnamnet «Kapp det gode håp» er eine svaret, og eg undrast: Er ikkje dette eit norskmålsblad? Kvi skal me støyta på norsk-danskt bokmål under fjerrlagde himmelstrok? Er det norsk-dansken som råder yver hav og land?
Nei, det er det ikkje. Heime og ute hev me nordmenner vårt eige mål me kann nytta på det me møter, kvar me fer. Me som hev lese den framifrå utgåva av Jules Verne-boki «Jorda rundt i kavbåt» ved Petrine Ramstad, me som hev kika i kart- og landkunnebøker som er reidde på norsk, me veit at denne staden hev eit norskt namn. Me treng ikkje stydja oss til bokmålsvanen: Godvonodden heiter det.
Og Godvonodden lyt me skriva og segja på norsk, sameleis som Austerrike, Daudehavet og Filippinane. Norskt mål høver på alle heimshyrno der stadnamni er kjende med eit norskt namn.
Der ute – og her heime. Mang ein god målmann fær til å kalla landet i det nære grannelaget vårt for Kviterussland, i skrift og i tale, men vårt eige land er det verre med. Noreg er det norske namnet på landet vårt, det lyt me hugsa, skriva og bera fram. Lat alle høyra det. Det er eit merke på at me ikkje plent tarv liva under det tyngjande norsk-danske bokmålsveldet.
Lat det rakna for bokmålet i rømdi og på jordi, yver Vetterbrauti, på Godvonodden og i Noreg.
Ole Jakob Totland, styresmann i Høgnorskringen