Uncategorized

NSB-namnebytet

(12. mars 2019) Vy. Det skal vel tyda utsyn, kringsjå, men NSB er snarare råka av tunnelsyn og hildringar.

Me driv med nye ting no, me treng ny identitet, segjer dei, og vil skjota Statsbanane for glugg. Statsbanane dreiv bilrutor frå 1925 med namnet NSB, so det er slett ingi naudsyn å heita noko anna når Nettbuss kjem inn i morselskapet.

Ein ny identitet treng ikkje knyta seg til det dei driv med, må vita, eller til den soga dei hev, det folk kjenner og dei godt kunde vore byrge av. Han skal berre vera ny.

Kva dette skal tena til må ein vera godt vildra av konsulenthildringar til å få auga på. Men konsulentane, dei liver av nydøyping og sovori brennemerkjing og hev grunn til å halda jarni sine varme. Dei hev gode tider.

Vy er norsk, hevdar dei, men det smakar no helst fransk.

***

(17. mars 2019) Ord i dagen er «traust». Etter ordbøkene tyder det stød, fast, sterk, pålitande.

«Språkrådets trauste retningslinjer passer ikke for oss,» skriv konsernsjef Geir Isaksen i NSB.

«Det er knapt til å tru at nokon som driv med rutegåande transport kann meina at traust ikkje er noko for deim,» skriv Ole Jakob Totland, styresmann i Høgnorskringen, på Facebook-sida si, og held fram:

«Traust høver ikkje eit transportselskap, må vita. Kjent, påliteleg, i ruta og utan yverraskingar er ikkje moderne nok vyar. Det lyt jamt vera noko nytt og uventa, kjem det tog i dag, eller er det buss um ein time? Ingenting? Drosje, dresin?

Eg pendlar dagleg, eg treng noko traust, kjent og fast.

Det me liksom eig i lag ventar eg at kann fylla kvardagen vår med noko traust og skikkeleg, noko som ikkje er fjås.

Dei som tuskar med og kimsar av verdiane i namni på viktuge institusjonar, kann umogeleg skyna koss språk skaper heimstad og samfund for mange av oss. Eg vert leid meg.»

***

(22. mars 2019) I dag skal namnebytet upp i generalforsamlingi i NSB. Me styd kravet frå styreleidaren i Språkrådet um at samferdsleriksråd Jon Georg Dale lyt setja foten ned.

Den medferdi namnesaker hev fenge i mange statlege verksemder, mot alle faglege råder, syner at staten ikkje hev synleg umsut for norskt mål.

«Det samme gjelder svært uheldige valg av navn på flere nye fylker og kommuner» skriv styreleidaren i Språkrådet. «Stadig flere av disse nye navnene minner mer om revynumre enn om gode og opplysende navn for befolkningen. Det er ille, fordi slike navneskifter svekker identitet og røtter.»

Soleides kann me ikkje hava det. Det undergrev målpolitikken og fyresegnene um mål og namngjeving, det skjer yver sogelege band og riv ned det som skal vera folkeeiga. Det er oss statleg uppnemnde styresmenner styrer på vegner av, og me godtek det ikkje.

Me er slett ikkje samde med Språkrådet allstødt, men det er det som er det statlege rådgjevingsorganet i målsaker. Det må staten til vanleg retta seg etter.

Me held med Norskt Måldyrkingslag som krev målkunnug rettleiding i statleg namngjeving.