Uncategorized

Upprop for jamstelling av i-mål og a-mål

Posted on

Me som skriv under på dette uppropet, meiner det er rett og rimeleg at dei to hovudformene av nynorsk, i-mål og a-mål, skal ha jamstelt status i den offisielle rettskrivingi. Same um dei hev ulik utbreiding, bør i-mål og a-mål ha like vilkår. Systemet med at klassiske i-former er sette i klammer, må takast burt, og typeformene soli og sola […]

Uncategorized

Det norske fram! Lenge live høgnorsk!

Posted on

Høgnorsksaki hev fenge ein uppsving det siste tiåret, ei tydeleg fylgja av at samnorskpolitikken hev spela endeleg fallitt. No er det tid for å byggja og bøta i målrørsla ­ og reisa oss på nytt med eit sermerkt og klårt profilera program. Avslagsmentaliteten frå den tidlege etterkrigstidi hev me lagt attum oss. Frå no av vil me vinna fram med […]

Uncategorized

Ordet «høgnorsk»

Posted on

Ordet høgnorsk hev vorte bruka sumtid i alle høve frå tidleg på dette hundradåret. Etter umgripsfestingi i Norsk Allkunnebok er det ei nemning for «mynstergildt nynorsk skriftmål på Ivar Aasens grunnlag» (Per Thorson). Ordet kom serleg inn i skriftlivet etter ei utgreiding av Torleiv Hannaas i Norsk Aarbok i 1922, «Høgnorsk eller flatnorsk», der me m.a. finn ordleggjingi: Aasen «lyfte […]

Uncategorized

NSB-namnebytet

Posted on

(12. mars 2019) Vy. Det skal vel tyda utsyn, kringsjå, men NSB er snarare råka av tunnelsyn og hildringar. Me driv med nye ting no, me treng ny identitet, segjer dei, og vil skjota Statsbanane for glugg. Statsbanane dreiv bilrutor frå 1925 med namnet NSB, so det er slett ingi naudsyn å heita noko anna når Nettbuss kjem inn i […]

Uncategorized

Godt år!

Posted on

Nyårsdagen 2019 er det hundrad år sidan vedtaket um å gjera amt um til fylke med sogelege norske namn byrja gjelda. Samstundes gjeng me inn i siste året denne fylkesskipnaden skal gjelda. Les um vedtaket som vart sett i verk 1. januar 1919 her. Det me i Høgnorskringen arbeidde mest med i 2018 var å åtvara styremaktene mot å byta […]

Uncategorized

Høyringsfråsegn um framlegg til brigde i stadnamnlovi

Posted on

Fråsegn innsend til Kulturdepartementet til høyringi um framlegg til brigde i stadnamnlovi. Me i Høgnorskringen ser med stor uro på at heradi skal få meir fridom og andsvar i stadnamnsaker. Lokaldemokrati er bra, men det må byggja på kunnskap, sterke faglege føringar og interessa og ikkje minst vyrdnad for dei verdiane som er fyre. Det må ha godt og prinsipielt […]

Uncategorized

Helsing til Vestmannalaget på tampen av 150-årshøgtidi

Posted on

Fråsegn frå årsmøtet i Høgnorskringen 5. desember 2018. Årsmøtet i Høgnorskringen helsar Vestmannalaget hjartans til lukka med 150 år! Ved eit slikt leite høver det å heidra deim som gjekk fyre og skipa laget. Me ynskjer òg å heidra deim som heldt fram. Det er vestmennene mykje å takka for at me kann segja at høgnorsken stend i ein ubroten […]

Uncategorized

Helsing til Måldyrkingslaget på 90-årsdagen

Posted on

Me helsar Norskt Måldyrkingslag hjarteleg til lukka med 90-årsdagen i dag! Norskt Måldyrkingslag (Akademi for det norske målet) vart skipa av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag, Norsk Bladmannalag, Norsk Bokmannslag og Studentmållaget i Oslo 20. oktober 1928. Måldyrkingslaget vart skipa som eit akademi med innvalde målkunnuge. Laget hev jamt stade på den klassiske sida av målrørsla og kjempa for ein […]

Uncategorized

Ivar Aasen, 205 år

Posted on

Mange høgtidar 205-årsdagen åt Ivar Aasen i dag med gode ord um og på ein nynorsk som vandar dei grunnsetningane Aasen bygde på og dei grunnformene han sjølv valde. So lite klassisk nynorsk det er i ålmenta etter tiår med offentlege forbod, er det inkje under um folk gjerne trur skulenynorsken i dag er ei moderne utgåva av Aasen-målet. At […]

Uncategorized

Fylkesnamnesaki i 1918

Posted on

30. juli er det 100 år sidan inndelingsnamni i riket, amt- og stiftsnamni frå det danskspråklege styringsverket i landet vart vedtekne bytte ut med norske fylkes- og bispedømenamn. Med di vart det gjort eit storverk som var til stor nasjonal vinning. Mange målfolk var like vel vonbrotne då Stortinget gjorde vedtaket sitt 30. juli 1918: Lagtinget hadde vedteke merknader til […]