Uncategorized

Helsing til Måldyrkingslaget på 90-årsdagen

Posted on

Me helsar Norskt Måldyrkingslag hjarteleg til lukka med 90-årsdagen i dag! Norskt Måldyrkingslag (Akademi for det norske målet) vart skipa av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag, Norsk Bladmannalag, Norsk Bokmannslag og Studentmållaget i Oslo 20. oktober 1928. Måldyrkingslaget vart skipa som eit akademi med innvalde målkunnuge. Laget hev jamt stade på den klassiske sida av målrørsla og kjempa for ein […]

Uncategorized

Ivar Aasen, 205 år

Posted on

Mange høgtidar 205-årsdagen åt Ivar Aasen i dag med gode ord um og på ein nynorsk som vandar dei grunnsetningane Aasen bygde på og dei grunnformene han sjølv valde. So lite klassisk nynorsk det er i ålmenta etter tiår med offentlege forbod, er det inkje under um folk gjerne trur skulenynorsken i dag er ei moderne utgåva av Aasen-målet. At […]

Uncategorized

Fylkesnamnesaki i 1918

Posted on

30. juli er det 100 år sidan inndelingsnamni i riket, amt- og stiftsnamni frå det danskspråklege styringsverket i landet vart vedtekne bytte ut med norske fylkes- og bispedømenamn. Med di vart det gjort eit storverk som var til stor nasjonal vinning. Mange målfolk var like vel vonbrotne då Stortinget gjorde vedtaket sitt 30. juli 1918: Lagtinget hadde vedteke merknader til […]

Uncategorized

Ja til nynorsk på Bybana!

Posted on

Det var eit godt tiltak frå fylkespolitikarane i Hordaland då tingseta fyrre vika slo fast at det nynorske tenestemålet gjeld for kollektivtilbodet og dei vidaregåande skulane i Bjørgvin by, på lik lina med resten av fylket. Med di skal millom anna Bybana nytta nynorsk i uppslag og meldingar til dei reisande. Leidarteigen i Bergens Tidende finn på å mæla imot […]

Uncategorized

Tingordskiftet um fylkesnamni

Posted on

Ordskiftet i Stortinget um nye fylkesnamn skar ut i ålmenn «umkamp» um regionreformi og tvangssamanslåingar, når no eingong høvet baud seg. Motsegnene frå oss, Språkrådet, Norskt Måldyrkingslag, Noregs Mållag, Norsk Målungdom, Norsk namnelag og motrøyster i fylki og grannefylke, vart like vel godt framlagde av tingmenner som ordførar i saki Willfred Nordlund (Sp), komitéleidar Karin Andersen (SV) og Eirik Sivertsen […]

Uncategorized

Høyringsnotat til fyrehavingi av nye fylkesnamn

Posted on

Notat sendt til kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget i samband med høyringi i komiteen, 24. april 2018. Sjølve den munnlege komitéhøyringi, der formannen i Høgnorskringen var med, er utlagd her på netsida til Stortinget. Høgnorskringen hev alt sagt frå til komiteen um kva me meiner um nye fylkesnamn i fråsegn frå årsmøtet 7. mars i år, send til komiteen 8. […]

Uncategorized

Haldt på dei rettelege fylkesnamni!

Posted on

I denne fråsegni gjeng årsmøtet i Høgnorskringen sterkt imot fylkesnamni Innlandet, Viken og Vestlandet. Me i Høgnorskringen lyt diverre segja oss leide for måten namnespursmål hev vore handsama i arbeidet med regionreform. Gjeng det so som etladen i regionreformi var, vert fylki styrkte med uppgåvor og mynde som gjer fylkeskommunen meir meiningsfull som folkevalt nivå enn han er no. Skal […]

Uncategorized

Nynorsk på Vestlandet er ei nasjonal uppgåva

Posted on

Høyringsfråsegn frå Høgnorskringen i høve tenestemålet i Vestlandsregionen, vedteki på årsmøtet i Høgnorskringen i Oslo 23. november 2016. I staten Noreg er nynorsk og bokmål jamstelte som offentlege skriftspråk. Det offentlege brukar like gjerne nynorsk som bokmål. Slik er det i teorien, men sidan nynorsken er teken i bruk i nokre landsluter og er meir sjeldsynt i andre, er det […]

Uncategorized

Haldt fast på nemningi fylke!

Posted on

Fråsegn vedteki på årsmøtet i Høgnorskringen, 23. november 2016. Det norske riksstyret ser ut til å vilja byta ut den norske nemningi «fylke» med «region». Årsmøtet i Høgnorskringen 2016 gjeng imot dette bytet. 1. januar 1919 kom nemningi fylke i staden for det danske «amt». I moderne tid hev soleis fylkesnemningi berre vore nytta snaudt hundrad år. Det er ikkje […]

Uncategorized

Helsing til Bjørn Bø

Posted on

Frå årsmøti i Høgnorskringen og Norsk Måldyrkingslag i 2013. Høgnorskringen og Norsk Måldyrkingslag set stor pris at medarbeidarane veit å taka vare på målarven vår og halda han i aktiv bruk. Det er stødt gildt å høyra den stilsikre og velrøkta røysti til Bjørn Bø i Politisk kvarter og Nyhendemorgon, eit ordlag han sjølv nyttar. Han hentar òg fram ord […]