Uncategorized

Nynorsk på Vestlandet er ei nasjonal uppgåva

Høyringsfråsegn frå Høgnorskringen i høve tenestemålet i Vestlandsregionen, vedteki på årsmøtet i Høgnorskringen i Oslo 23. november 2016.

I staten Noreg er nynorsk og bokmål jamstelte som offentlege skriftspråk. Det offentlege brukar like gjerne nynorsk som bokmål. Slik er det i teorien, men sidan nynorsken er teken i bruk i nokre landsluter og er meir sjeldsynt i andre, er det eit serlegt andsvar for regionane der nynorsk er geografisk dominerande å halda ved lag nynorsk som eit lìvande offentlegt språk. Resten av landet gjer diverre dette i liten mun.

Språkbrukarar i heile landet hev ein rett til å velja nynorsk eller bokmål som sitt skriftspråk, og skal kunna krevja og venta å få møta sitt eige mål frå styremakter og forvalting. Like vel er det der nynorsken er geografisk mest utbreidd at han hev det rettelege fotfestet som resten av landet må lena seg på. Dei språklege rettane som alle skal hava, vert verkeleg undergravne um ikkje eingong Vestlandet held fast på at nynorsken ikkje er til å koma utanum.

Når ein vil slå saman tvo av tri fylke som hev havt nynorsk som tenestemål til éin språknøytral region, er det ikkje berre ein identitetsmarkør for Vestlandet som vert vraka, det er òg grunn til å uroast for at noko viktig gjeng tapt for heile landet.

Alle som vil skriva med det offentlege på nynorsk eller som vil arbeida i det offentlege på nynorsk hev bruk for at nynorsken er mest mogeleg stødig til stades i alle nivå av forvaltingi. Elles kann språkynske og vilje til å uppfylla den vedtekne språkpolitikken i landet endå lettare avvisast med at nei, på våre saksfelt er det ingen som veit koss ting skal vera på nynorsk, nei, det er for vanskeleg, innfløkt eller dyrt å ha umtanke for.

At nynorsk berre i kommunane og ingen stad elles i den offentlege administrasjonen skal vera ein sjølvsagd ting, noko som vert arbeidt med kvar dag, i kvart skriv og skjema, er eit tap av status, språklege rutinar og medvit. Nøytrale regionar eller statlege organ utan fastsett målform kann me diverre ikkje tru tek denne rolla. Dei nyttar gjerne nynorsk so lite som lovverket tillèt – og mindre, veit me.

Dei statstilsette som ynskjer å fylgja fyresegnene dei er pålagde, eller som sjølve vil prøva å ha nynorsk som hovudarbeidsmål i eit bokmålsmiljø, treng at nynorsken vert varda og dyrka i det offentlege. Dei treng at det finst ein sjølvtrygg offentleg nynorsk i dagleg bruk der ute. Dette gjer ikkje Møre og Romsdal åleine. Dette er ei nasjonal uppgåva ein ny storregion på Vestlandet lyt kjenna seg kalla til å taka på seg.

Med helsing
Årsmøtet i Høgnorskringen
Oslo, 23de november