Godt år!

Nyårsdagen 2019 er det hundrad år sidan vedtaket um å gjera amt um til fylke med sogelege norske namn byrja gjelda. Samstundes gjeng me inn i siste året denne fylkesskipnaden skal gjelda. Les um vedtaket som vart sett i verk 1. januar 1919 her. Det me i Høgnorskringen arbeidde mest med i 2018 var å […]

Helsing til Måldyrkingslaget på 90-årsdagen

Me helsar Norskt Måldyrkingslag hjarteleg til lukka med 90-årsdagen i dag! Norskt Måldyrkingslag (Akademi for det norske målet) vart skipa av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag, Norsk Bladmannalag, Norsk Bokmannslag og Studentmållaget i Oslo 20. oktober 1928. Måldyrkingslaget vart skipa som eit akademi med innvalde målkunnuge. Laget hev jamt stade på den klassiske sida av […]

Ivar Aasen, 205 år

Mange høgtidar 205-årsdagen åt Ivar Aasen i dag med gode ord um og på ein nynorsk som vandar dei grunnsetningane Aasen bygde på og dei grunnformene han sjølv valde. So lite klassisk nynorsk det er i ålmenta etter tiår med offentlege forbod, er det inkje under um folk gjerne trur skulenynorsken i dag er ei […]

Fylkesnamnesaki i 1918

30. juli er det 100 år sidan inndelingsnamni i riket, amt- og stiftsnamni frå det danskspråklege styringsverket i landet vart vedtekne bytte ut med norske fylkes- og bispedømenamn. Med di vart det gjort eit storverk som var til stor nasjonal vinning. Mange målfolk var like vel vonbrotne då Stortinget gjorde vedtaket sitt 30. juli 1918: […]

Ja til nynorsk på Bybana!

Det var eit godt tiltak frå fylkespolitikarane i Hordaland då tingseta fyrre vika slo fast at det nynorske tenestemålet gjeld for kollektivtilbodet og dei vidaregåande skulane i Bjørgvin by, på lik lina med resten av fylket. Med di skal millom anna Bybana nytta nynorsk i uppslag og meldingar til dei reisande. Leidarteigen i Bergens Tidende […]

Tingordskiftet um fylkesnamni

Ordskiftet i Stortinget um nye fylkesnamn skar ut i ålmenn «umkamp» um regionreformi og tvangssamanslåingar, når no eingong høvet baud seg. Motsegnene frå oss, Språkrådet, Norskt Måldyrkingslag, Noregs Mållag, Norsk Målungdom, Norsk namnelag og motrøyster i fylki og grannefylke, vart like vel godt framlagde av tingmenner som ordførar i saki Willfred Nordlund (Sp), komitéleidar Karin […]

Høyringsnotat til fyrehavingi av nye fylkesnamn

Notat sendt til kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget i samband med høyringi i komiteen, 24. april 2018. Sjølve den munnlege komitéhøyringi, der formannen i Høgnorskringen var med, er utlagd her på netsida til Stortinget. Høgnorskringen hev alt sagt frå til komiteen um kva me meiner um nye fylkesnamn i fråsegn frå årsmøtet 7. mars i […]

Haldt på dei rettelege fylkesnamni!

I denne fråsegni gjeng årsmøtet i Høgnorskringen sterkt imot fylkesnamni Innlandet, Viken og Vestlandet. Me i Høgnorskringen lyt diverre segja oss leide for måten namnespursmål hev vore handsama i arbeidet med regionreform. Gjeng det so som etladen i regionreformi var, vert fylki styrkte med uppgåvor og mynde som gjer fylkeskommunen meir meiningsfull som folkevalt nivå […]