Ordskiftet i Stortinget um nye fylkesnamn skar ut i ålmenn «umkamp» um regionreformi og tvangssamanslåingar, når no eingong høvet baud seg. Motsegnene frå oss, Språkrådet, Norskt Måldyrkingslag, Noregs Mållag, Norsk Målungdom, Norsk namnelag og motrøyster i fylki og grannefylke, vart like vel godt framlagde av tingmenner som ordførar i saki Willfred Nordlund (Sp), komitéleidar Karin Andersen (SV) og Eirik Sivertsen (Arbeiderpartiet). Me takkar for at de hev sett dykk inn i saki og høyrt på oss.
Me merkte oss òg eit godt innlegg frå upplandstingmannen Ivar Odnes frå Senterpartiet.
Statsråden og dei folkevalde frå Høgre, Framstigspartiet og Vinstre gav ingi grunnar for at dei framlagde fylkesnamni «Innlandet», «Viken» og «Vestland» er gode, anna det at dette hev fylkestingi vedteke at dei ynskjer. Dei lèt soleides namneval for den regionale inndelingi i landet vårt verta ein augneblinks popularitetskòring i dei einskilde fylkestingi som sit denne valbolken. Ei kòring der dei namni dei kunde velja millom, ikkje var framlagde, utgreidde og tilrådde av namnefagleg kunnuge.
Denne saki gjeld inndelingsnamni i riket, som gjeng inn i langt vidare bruk en berre namn på fylkeskommunar. Den formelle gangen fram til riksstyret la fram saki hev på ingen måte teke umsyn til at det er ei nasjonal og historisk viktug sak når slike namn vert endra. Som Eirik Sivertsen sagde i ordskiftet: Dette er namn som i grunnen skal kunna halda seg for evig tid.
Høgre, Frp, Vinstre og KrF skal ikkje vera trygge på at fylki, fylkespolitikarane eller innbyggjarane fær namni dei ynskjer seg no. Fylkesting og fylkestingsval hev lite merksemd i folket. Dette hev ikkje vore emne i val. Fylkespolitikarar er ikkje fagfolk, og det er slett ikkje visst at dei hadde teke same avgjerdi um faglege tilrådingar og frårådingar hadde vore på plass fyrr dei dryfte seg imillom og kom med ynsket sitt til nytt namn.
KrF vedgjekk at det hev vore ei vanskeleg sak for deim, og at det burde ha vore ein betre sakgang. Like vel lagde Torhild Bransdal tyngdi på at dei ser framåt og vil ikkje drygja eller halda att prosessane med samanslåingar. Dei hevdar dei heller set kraftene inn på at dei nye fylki skal styrkjast med nye uppgåvor og større andsvar.
Når dei no hev høvet til å skapa eit fleirtal for ein ny og retteleg fagleg gjenomgang av fylkesnamni, held ikkje desse orsakingane. Det hadde tent både KrF og heile regionreformi til æra um stortingsfleirtalet hadde synt kulturhistoriskt andsvar og retta upp slurvet frå ei regjering som me alle veit mest av alt ynskjer å leggja ned heile fylkeskommunen.
Me segjer med ein leidarteig frå Sunnmørsposten: Med vedtaket i dag vert KrF med på namneval «som mest av alt ser ut som et forsøk på å sette klovnenese på regionreformen.»