Uncategorized

Tummel upp for Snjo og Millom!

Fråsegn vedteki på årsmøti i Høgnorskringen og Norsk Måldyrkingslag i 2013.

Klassisk nynorsk mål døydde ikkje ut med ny rettskriving av 1. august 2012. Me merkar oss med gleda at meieriprodukti Millom og Snjo er på marknaden og vitnar um tradisjon og norsk identitet i daglegvarebransjen. Snjo er ein type kvarg frå Q-meierii, medan Millom høyrer til brunost-typane frå Tine. Dei private næringane treng ikkje bøygja seg slavisk for offisiell rettskriving. Årsmøti i Høgnorskringen og Norsk Måldyrkingslag sender difor ei varm helsing til Q-meierii og Tine og takkar for målmedvit og sans for godt norskt mål.