§1 Høgnorskringen arbeider for å vinna det norske folket for den høgnorske målreisingstanken, eit reint og sjølvstendigt norskt mål i skrift og tala.
§2 Ringen ser upphavet til målstriden i den tvikløyvingi med danskt skriftmål og norskt talemål som kom upp i dansketidi.
§3 Ivar Aasen gav det norske målet ei fullgod skriftfesting med det norske landsmålet. Aasen lagde vegt på å gjeva målet ei regelfast og landsgild form og nytta difor typeform-prinsippet. Til grunnlag og rettleiding for arbeidet sitt hadde han dei norske målføri og norrønt. Desse prinsippi til Aasen gjeld den dag i dag.
§4 Tilnærmingstanken som statlege nemnder hev fylgt i dette hundradåret, hev skipla det greide mynsteret i Aasen-målet og brote ned skrifttradisjonen. No er det tid for å retta det som rengt er, reisa det som velt er.
§5 Høgnorskringen vil:
- fremja den ubrotne tradisjonen me hev for klassisk nynorsk, og arbeida for å få burt alle stengsle mot å nytta høgnorsk på alle leider i samfundet, same rettane for i-mål som i dag gjeld for a-mål.
- taka til motmæle mot utvatning og uppblanding av nynorskt mål.
- dyrka skriftmålet på høgnorsk grunn og spreida høgnorsk lesnad.
- røkta norskt talemål – heimlege målføre og normaltalemålet.
- taka vare på sambandet med frendemåli færøysk og islendsk.
Vedteki på fyrste årsmøtet i Høgnorskringen 3. oktober 1998. Tufti vart sîst brigd på årsmøtet 23. november 2019.