Or soga er mang ein lærdom hentande, og den som ikkje kjenner soga si, fær snart høyra dei mest langhenta lygesogor. Norskdomsrørsla hev fostra mange dei som hev visst å skilja klårt millom tjodarhug og tjodarhat, og visdomen deira er til gagns i dag som fyrr. Her kann me lesa eitkvart um Henrik Rytter og Olav Sletto, tvo målsmenner for slik ein norskdom.
Av anna tilfang fortel Kristin Fridtun um målergeboki si, medan Ole Jakob Totland byd på tri stykke um ukrainsk målreising, um Albert Joleik og so um ymse jolakvæde. Me kann dessutan lesa um Ragnhild Foss og um det rangt utkomne ordstevet «me sjåast.»
Innehald
- Signe Seim: Lagnad
- Ole Jakob Totland: Olav Nygard i Asker — ukrainsk i Donbas
- Olav Nygard: Til Hulda Garborg
- Kristin Fridtun: Høgnorsk og høgirritabel?
- Eva Almhjell: Olav Sletto — han hylla livet, men femna det ikkje
- Ronny Spaans: Diktaren og stridsmannen Henrik Rytter
- Signe Seim: Mannen og verket
- Olav H. Aarrestad: Henrik Rytter — poet med politisk tildriv
- Ole Jakob Totland: Riv Joleik-stytta
- Ola I. Breivega: Ragnhild Foss (1883–1952)
- Thorgeir Holm: «Me sjåast» — ei etterrøking
- Ole Jakob Totland: «Kaldt og myrkt og lite sol …»