MERK VEL: Det er kome uppdateringar i programmet, og for skuld husvøla på Litteraturhuset er møterom flutt yver vegen til Cochs pensjonat.
Norsk målstemna tek i år fyre seg skalden Olav Aukrust. Det er hundrad år sidan diktverket Hamar i Hellom (1926) kom ut, der Aukrust lagde fram eit triskift diktarlegt program um å høgja upp mål og ande frå det bygdenorske til det høgnorske og det olsok-norske.
På stemna skal me få høyra noko meir um mål og tankar, midlandsmålet og um sambandet millom norskdom og kristendom.
Det vert òg ei liti utferd på sundagen til gravi åt ordbokmeisteren Hans Ross som samla og gav ut ei rad tillegg til ordboki åt Ivar Aasen.
Norsk målstemna vert skipa til på Cochs pensjonat ved Litteraturhuset i Oslo av Norskt Måldyrkingslag, Studentmållaget i Oslo, målnemndi i Bondeungdomslaget i Oslo og Høgnorskringen.
Fri inngang!
Program:
3. oktober
12.00–13.00: Ola Aukrust: Olav Aukrust – liv og dikting
13.00–13.30: mat
13.30–14.30: Tankane og verdiane til Olav Aukrust med hovudvekt på tilhøvet hans til antroposofien ved Cato Schiøtz
14.30–15.30 Midlandsmålet ved Thorgeir Holm
15.30–16.00: Upplesing av dikt ved Kristen Turtum
4. oktober
13.00: Oddrun Grønvik held tale ved gravi åt Hans Ross, Nordre gravlund, Sagene. Uppmøte Kierschows gate 10.
Samvære på kafé etterpå.