Høgnorskringen ynskjer at fyresegni til stadnamnlovi skal segja rett ut kva for nokre skrivemåtar som ikkje er lovlege. Me ynskjer òg at hevdvunne, heilnorske skrivemåtar som ikkje lenger er gjeldande rettskriving, skal ha eit serskilt løyve framfor andre tilfellelege målføreformer.
Me hev sét med uro på dei seinste brigdi i stadnamnlovi. Me ottast at veikte faglege føringar i lag med at avgjerdmakt er flutt til herad med lite namnefagleg kompetanse, hòlar ut fyremålet med stadnamnlovi.
Den utglidingi me hev åtvara imot, hev ikkje vore nokon uttala målsetnad frå riksstyre og lovgjevar; trass i tillempingar etter lokale ynske, er det framleis meint å vera faglege føringar, faste reglar og kjende krav i stadnamnarbeidet.
Skriv svart på kvitt kva som ikkje er lov
Den umbøtte fyresegni som no er på høyring, må med klåre ord syna fram kravi og visa veg for avgjerdtakarar i heradi. Ho må kunna tena til eit nyttelegt verkty for heradsadministrasjonen, so han vert rettleidd til å fyrebu og leggja fram namnesaker som gjev vedtak i samhøve med fyremålet, fyresegnene og fyrearbeidi til stadnamnlovi. Statens vegvesen treng òg klår kunnskap um rette og lovlege namnevedtak når dei skal retta skiltingi. Her ymsar det mykje, og det trengst ei tydelegare fyresegn.
Ifrå lokale ordskifte um stadnamn veit me godt at det finst utbreidde meiningar um det «rette» namnet og den «rette» skrivemåten som styd seg på forvanska og fordanska skrifttradisjonar og etternamn, og ikkje på den nedervde uttalen på staden. Her trengst det pedagogiske grip i fyresegni. Det må kunna lesast svart på kvitt kva som ikkje er lovlege skrivemåtar.
Mest pedagogisk hadde det vore um dette hadde kome inn i sjølve lovi då fyresegni um å vika av frå gjeldande rettskriving vart lyft inn der. Det kunde best motverka at denne styrkjingi av undantaksregelen vart misbruka til å fremja skrivemåtar som fyrearbeidi til lovi klårt set stenge for.
No når klårgjerande fyresegn til lovi er fyre, meiner me det må kunna segjast rett ut kva som ikkje skal vera lovlege skrivemåtar. Tilleggi som er framlagde i § 1 i fyresegni er i grunnen ei greid nog fylgja av at lovi diverre er brigd, men det trengst endå klårare tale i stadnamnarbeidet.
I lovproposisjonen og tviteke i høyringsnotatet no, les me at «[m]arkering av lang vokal (for eksempel med bruk av dobbel vokal) og bokstavane c, q, w, x, og z skal ikkje godtakast i skriving av allmennord.» Denne viktuge grensa imot full utgliding til unorsk og forvanska skrivemåte er ikkje å sjå, korkje i lovi elder i fyresegni. Denne grensa lyt dei som skal leggja fram og dei som skal vedtaka stadnamn i heradi vera godt kjende med. Um ikkje vil me kunna få ordskifte der slike forvanska skrivemåtar som mange kann meina er «innarbeidde skrivemåtar» som hev vore «lenge i bruk», vert fremja og vedtekne i god tru og med lov og fyresegn i hand.
At regelen dreg etter seg sume eintydige forbod, må kunna skrivast inn i og fylla ut fyrste a) under § 1.
Målføreformer med skrifttradisjon må haldast serleg fram
Når det skal opnast for lokale målføreformer i skrivemåte, meiner me det skal gjevast serleg tyngd um målføreformi er i tråd med norsk skrifttradisjon og hev havt status som gjeldande nynorsk rettskriving. Namneformer med t.d. upp, um, myrk, sæter, breid, lid, og i-endingar må hava eit serskilt løyve her, med di dei ikkje berre kann vera gode måtar å gjeva att uttalen på, men òg av di dei samstavar med god, heilnorsk og hevdvunnen skrifttradisjon.
Skrivemåten «eggi» må hava større studnad i lovverket enn «egg(j)o» og «egg(j)e». Det vert ikkje ei målføreform på lik lina med andre, berre for di 2012-rettskrivingi sleit bandet med all tidlegare norsk rettskriving og kasta ut i-målet. Desse formene hev ein serleg tradisjon å byggja på som serleg lyt haldast fram.