Nyhende

Innspel til Prop. 108 Lov om språk (språklova)

Innspel sendt til familie- og kulturnemndi på Stortinget, 15de oktober 2020.

Høgnorskringen syner til saki um ny mållov som er fyre i familie- og kulturnemndi på Stortinget. Me rakk ikkje å snu oss rundt og søkja på høyringi fyre sumaren, men hev desse innspeli til lovfyrehavingi:

Skrivekunna i staten

Det er syrgjeleg at striden kring ei ny mållov må standa um ei grunnsetning som hev bore uppe heile målpolitikken til no, og som fåe hadde venta at lovframlegget skulde riva burt. I Noreg skal alle med vanleg skulegang kunna skriva både nynorsk og bokmål, og det skal vera eit krav at tilsette i staten skal skriva på båe måli. Ei mållov som ikkje set dette kravet, er ei mållov som gjer det minst nytta målet til noko folk flest ikkje treng hava noko å gjera med i arbeidskvardagen.

Me reknar med at Stortinget fær retta dette stygge lytet i framlegget, og gjer um på § 16. Statsorgan skal krevja at tilsette skriv både nynorsk og bokmål.

Klårspråk

Me vil beda kulturnemndi skriva i merknadene at fyresegni um klårt mål ikkje skal kunna nyttast til å velja burt nynorsk eller til å skriva ein nynorsk som er mest mogeleg lik bokmål. Dette er misbruk av klårspråk-tankegangen som gjeng beint imot målsetnaden i mållovi um å styrkja det minst nytta målet. Sermerkt, god nynorsk hev sidan Ivar Aasen lagt vinn på klår og greid målføring. Når sume meiner nynorsk er vanskeleg, er dette ikkje eit sant klårspråk-problem, det er eit kunnskapsproblem som må møtast med at nordmenner fær betre upplæring i norsk og fær lesa meir, ikkje mindre, god norsk.

«Språkglede» kann ikkje liggja til grunn for lovstyrt målbruk

Me fylgde med på den munnlege høyringi i denne saki, og merkte oss at Riksmålsforbundet møtte lite motstand imot framlegget sitt um at lovi skal fremja «språkglede».

Når dei talar um «språkglede» og «frivillig språkarbeid», meiner vel Riksmålsforbundet å gjeva mållovi ein vidare synskrins enn berre offentlegt tenesteverk, men det er det offentlege som vert lovbunde med lovi. Me må difor åtvara sterkt imot å taka inn slike ord i lovverket.

Språkgleda er vel og bra, og noko alle med umsut for norskt mål burde hjelpa fram, men det hev ingenting å gjera i eit lovverk som skal vera styrande for måten staten nyttar mål på. Det skal vera regelstyrt. Det er mange reglar og fyresegner i denne lovi som skal fylgjast, anten dei tilsette i stat og herad er glade for det eller ikkje.

Altfor lenge hev private haldningar stade i vegen for vedteken norsk målpolitikk og jamstelling millom bokmål og nynorsk. Tek de inn ordleggjingane som Riksmålsforbundet bed um, då er det som de gjev lovheimel til slurv og uvilje imot å skriva nynorsk. Dei som meiner alle krav til ein viss målbruk er eit heft, dei kann då visa til fyremålet i mållovi. Lovi skal fremja «språkglede» og alle tiltak i lovi som dei ikkje gledest ved, er i strid med fyremålet åt lovi, og difor ikkje noko lovi ålvorleg meiner nokon skal nøydast til å retta seg etter.

Me hev inkje grunnlag for å tru at Riksmålsforbundet hev baktankar med å leggja fram dette, men me ottast for korso dette kann verta lese. Slike ord tener berre til å halda nynorskbruken i staten nede. Det veikjer heile lovi og styd upp um at private synsmåtar um norskt mål framleis skal få styra offentleg målbruk.

Sanksjonar

I proposisjonen les me at «i høyringa av lova var det fleire som stilte spørsmål ved om ei språklov utan sanksjonar kan tene noko føremål eller ha noka gjennomslagskraft.» Me er djupt uroa for at dette er rettkomne spursmål. Endå lovi segjer at nynorsk er eit jamverdugt og jamstelt mål som staten nyttar like gjerne som bokmål, er ikkje dette røyndomen i styringsgreinene. Der set dei stundom inn sertiltak for å setja um noko til nynorsk so dei kann henda når upp til ein målbruk som ikkje er ulovleg, og elles er det ikkje mykje medvit i kvardagen.

Kulturnemndi må bøta på lovi med å setja inn sanksjonar imot brot på lovi. Staten bryt lovi kvar einaste dag, dette kann de ikkje godtaka. Det må hardare åtgjerder til.