Høgnorskringen takkar for at me er bedne um å segja noko um den framlagde fyresegni til mållovi. Me meiner umsyn til målbruk i det offentlege romet og statusen til dei offsielle måli i all statstilknytt verksemd må vera førande for verkekrinsen åt mållovi. Me ventar at statstilknytte verksemder fyller ålmenta og samfundet med god norsk, og møter innbyggjarar, brukarar eller kundar um de vil, på båe dei jamstelte måli.
Den nye mållovi er ei ålmenn mållov, og ikkje berre ei lov um målbruk i statstenesta. Med denne lovi ynskjer lovgjevar å «styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg.» Dette er fyremål som gjeld alt samfundslivet, ikkje berre statstenesta i trongaste meining. Og fyremålet gjeld for nynorsk like mykje som bokmål. Med dette for augo er det all grunn til at styremaktene sjølve skal vera med og driva målarbeidet i alle dei ymsande tenestegreinene dei hev ut i samfundet.
Med kvart undantak frå reglane i mållovi vert staten radt med og byggjer upp um engelsk- og bokmålsdominans på teig etter teig i staden. Det gjeng beint imot den ålmenne målpolitikken. Me meiner difor at det minste staten kann gjera her, er å syta for at mållovi slær inn i all statstilknytt verksemd. Det skal vera ei stødig grunnsetning at nynorsk og bokmål er jamstelte og jamverde bruks- og arbeidsmål som det er vanleg å møta i alle sektorar, same kva for måte staten hev valt å skipa verksemdi si på.
§ 1 a.
Me er serleg imot at det plent skal vera undantak for rettssubjekti me les um i punkt 3.1.1. i høyringsskrivet. Departementet må døma på nytt lag um kvart av desse organi, um det er serleg grunn til å taka deim undan mållovi eller ei. At nett desse er utvalde, byggjer på ei umdøming av verkekrinsen til offentleglovi, og offentleglovi hev fulla eit anna fyremål enn det mållovi hev. Um ein meiner nett desse rettssubjekti ikkje lyt vera like opne og gjenomsynlege som statstenesta elles i det indre arbeidet og saksfyrehavingi si, gjev det seg ikkje sjølv at nett dei same rettssubjekti hev like god grunn for undantak for fyresegner um målbruk i det dei like vel sender ut til ålmenta og einskildinnbyggjarar.
Me er rimeleg visse på at Noregs sjømatråd, NRK Aktivum, Posten Noreg, Statkraft og Norsk Tipping kann gjera gagns verk for fyremålet åt mållovi, heilt ubunde av kva reglar det er grunn til å leggja på deim frå offentleglovi. Dette er synlege verksemder i samfundet som folk veit er statstilknytte og ventar seg norskt mål frå.
Me meiner det er serleg grunn til å ikkje taka Noregs sjømatråd, NRK Aktivum, Posten Noreg, Statkraft og Norsk Tipping undan mållovi, og bed departementet gjera ei sjølvstendig umdøming av alle desse rettssubjekti som er upplista, med tanke på kva godt det kann gjera for målbruk i den norske ålmenta at staten legg målføringar på eigne selskap.
Me saknar òg ein gjenomgang av kva skilnader det er millom denne fyresegni og dei fyresegnene som hev golde til no etter den fyrre mållovi. Tek den framlagde fyresegni burt pålegg som ligg på Posten i dag til dømes? Det fær me ikkje lesa. Denne høyringi er difor ikkje so godt grunnlag for innspel når departementet ikkje legg klårt fram korso framlegget brigder rettstilstandi slik dei hev vore til no. I høyringssvaret frå Språkrådet les me at høyringsskrivet no tegjer um sidor ved målbruksreglane frå i dag som fell burt. Det borgar ikkje for at ålmenta kann vera fullfør til å gjeva upplyste fråsegner i denne høyringsrunden.
§ 1 b.
Me er uroa for at målbruksreglar skal vera for ulikt skipa på tvers av verksemder, og trur ikkje det er lurt at verksemder som hev målpolitiske umsyner i vedtektene sine, difor ikkje treng liggja under mållovi. Høyringsskrivet viser til dømet Vy som hev vedtektsfest same reglar som mållovi, og endå finst ikkje Vy-appen på anna en bokmål (dei kallar det «norsk»), svensk og engelsk!
Då mållovi vart dryft og vedteki, var me mange som åtvara sterkt um at lovi ikkje kunde få den verknaden som var tenkt, um det ikkje fylgjer sanksjonar ved lovbrot. Stortingsmennene svara då med ei litt avventande haldning, men avviste ikkje radt at sanksjonar kunde leggjast inn um ein gjenomgang etter ei tid skulde syna at lovi i seg sjølv ikkje var god nok.
Slike sanksjonar må koma. Og dei må i same slengen råka desse verksemdene som bryt grunnsetningane i lovi dagjamt. Då må so klårt verksemdene vera underlagde lovi, elles vert det ingi von um betring.
Skal innbyggjarane vita kva dei kann venta seg av slike verksemder, er det òg det lettaste at det er dei vanlege fyresegnene i mållovi som gjeld. Når vedtektene til Vy kann segja at «prinsippa i mållova elles skal følgjast så langt det ikkje skaper nemnande ulemper som private selskap ikkje har», gjev det stor grunn til uro. Dette må då vera ein snarveg ut av alle målkrav.
Av pedagogiske grunnar både i selskapi og i møte med innbyggjarane, og um staten skal kunna fylgja upp med refs og rettleiding i alle tilfelle der grunnsetningane i mållovi ikkje vert påansa, er det turvande at slike selskap er underlagde sjølve mållovi.
§ 1 c., d., og e.
Me er heilt for at verksemder med serlege målpolitiske og regionale fyremål kann hava undantak frå målbruksreglane i mållovi. Me vil like vel tala imot at den fyrstnemnde gruppa i § 1 e. skal hava undantak. Det at ei verksemd i liten mun hev tenestor og kommunikasjon som retter seg mot ålmenta, gjerer henne ikkje sermerkt i statstenesta. Dei same standardane og same statusen for jamstelling av norskt mål må vera heilt grunnleggjande i statstenesta. Me vil visa til det me skreiv i høyringssvaret vårt til ny mållov:
Me er imot at ymse statstilknytte organ i nokon serleg mun skal kunna hava undantak frå fyresegnene um offentleg målbruk. Når statleg verksemd vert skipa i eigne selskap, må kravi um norskt mål fylgja med. Norskt mål er eit samfundsandsvar i alt staten syslar med, og målpolitikken kann ikkje vera avgrensa til dei fagfelti som måtte vera att i sjølve stats- og heradsadministrasjonen. Politikken vert meir og meir hòlut når fleire og fleire uppgåvor vert løyste i eit utal ymsande selskapsskipnader på sjølvstyr. Kravi til målbruk må fylgja med i all slik umskiping og tøyma denne villvoksteren.
Det skulde ikkje spela nokor rolla for mållovgjevingi um Statnett, Norske tog og andre er ei deild i eit departement, direktorat eller er skipa i eit eige selskap.
Når det gjeld verksemder med regionale fyremål, må det like vel vera klårt at nynorsk og bokmål er jamstelte og jamverde mål i heile landet og for alle innbyggjarane. Det høver ringt med grunnsetningi um å fremja det minst nytta målet, um ei sovori fyresegn fører til at verksemder som hev regionale fyremål i «nøytrale» luter av landet, fær det fyre seg at dei er i ein «bokmålsregion». Me trur dei lett kann tenkja slik på sentrale skrivarstovor på Upplandi, i Buskerud, på Agder og jamvel i Telemark og Rogaland, kann henda.
Dette undantaket skulde vore ordlagt onnorleides. Med studnad i fyremålet til mållovi kunde det i grunnen vore sagt rett ut at det er regionale verksemder der nynorsken er mest utbreidd som ikkje er strengt pålagde å fylla nokon kvote for bokmålsbruk o.dil.
§ 3 og 4
Me er ikkje trygge på at det er ei god fyresegn å segja at lærestader ikkje treng gjeva eksamen på båe måli når alle kandidatar hev valt same målet. Nynorsk og bokmål er jamstelte mål og alle næmingar bør kunna velja målet på eksamenen frå gong til gong og venta at ei utgåva på det valde målet ligg fyre. Difor er tanken um å krevja bindande målval frå næmingane ein uting som det ikkje skulde vore lagt upp til i § 3.
Det er ikkje rimeleg å venta seg at ein næming med vanleg grunnskulegang skal hava eitt «hovudmål». Næmingen skal vera budd på å liva og verka i eit samfund der båe måli er jamstelte bruksmål, og skal like gjerne kunna velja det eine som det andre. Det er dette som er valfridom.
Ein fåre med denne fyresegni er elles at ho kann lokka lærestader til å leggja påtrykk på einskildnæmingar, og meir eller mindre varsamt beda deim fylgja storfjølden når det er sers fåe som hev valt nynorsk eksamen.
Når den som gjev eksamenen veit at det ikkje er nokon norskspråklege næmingar, skulde det fulla kunna vera eit undantak. Um dette ikkje er teke hand um i anna regelverk, kunde ei fyresegn avgrensa til dette tilfellet standa i staden.
Utgang
Høgnorskringen vil endå ein gong minna departementet på kva me hev mållovi til. Ho skal styrkja norskt mål, tryggja det til samfundsberande mål og fremja jamstelling millom bokmål og nynorsk. Det er «eit særleg ansvar […] å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket.» Skal det vera von um å gjera noko av dette, må føringane for målbruk nå ut der statleg verksemd er.
Me merkjer oss ordi som stend i innleidingi til høyringsskrivet um at verksemder med undantak frå pliktreglar, like vel skal «medverke til å oppfylle føremålet med lova». Det må departementet minna deim på ved alle høve, og dette må då òg gjelda for alle eigardepartement, eigarfylke og andre offentlege eigarar. Når dei røktar eigarskapen sin til verksemder, ligg det på eigaren å hava umsut for norskt mål i den rolla òg.
Um departementet vel å gjeva undantak frå mållovi i langt større mun en det me ynskjer, so ventar me like vel at departementet sender heilt klåre og jamlege krav til alle andre departement, herad og fylke um at dei skal verka for å nå fyremålet i mållovi i alt dei gjerer, i all styring av underliggjande verksemder og i all eigarskap.