Nyhende

Høyringssvar til målbruksplan for nye Ålesund herad

Høgnorskringen fagnar målbruksplanen for det nye heradet for by og land på Sunnmøre. Borgund, Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog er kvar for seg einingar som hev bore uppe nynorsk skriftkultur og tradisjonar for nynorsk heradsstyring. Byen Ålesund hev alt å vinna på å ro same båten etter denne samanslåingi. Berre soleis kann han med retto kallast ein sunnmørsk midstad og tena til samlande sentrum i heradet.

Det er norsk målpolitikk å fremja det minst nytta målet, nynorsken, og då er det rett at heradet tek eit andsvar og gjer seg til ein tydeleg og fylgjestreng nynorskbrukar. Bokmålstradisjonane som måtte finnast, er godt framhjelpte av majoritetskulturen i landet, og av kommersielle og private skrivarar som fører det målet dei vil og fyller byromet med bokmål.

Heradet hev høve til å vega imot dette bokmålspåtrykket ved å fylla på med mykje nynorsk, og soleis gjera by og land heimsleg for heile heradet, for alle innbyggjarane. Den store gruppa som ynskjer seg nynorsk skal òg få møta målet sitt i kvardagen, og alle skal sjå at nynorsken høyrer heime her.

Me i Høgnorskringen merkar oss setningi um at Ålesund kommune i størst mogeleg mun skal nytta «norske ord og uttrykk, og ikkje utanlandske. Som til dømes nyskaping, og ikkje innovasjon.» Dette er gode tankar som me vonar fær verknad i livet utanfor planverket.

Ålaget at «kommunen som hovudregel [skal] bruke digitale verktøy som støttar bruk av nynorsk» trur me vert ei altfor lettvinn tilnærming. Heradet lyt vera framtøkt og stilla som krav at programvara ligg fyre på nynorsk, skal ho kunna kaupast inn. I røyndi set det fyre ei samvinna med hine nynorskheradi, fylke og statsorgan um slikt innkaup. Soleis kann me skapa ein marknad som tilbjodarar av digitale verkty ikkje kann sjå burt frå.

Både ei ordleggjing der digitale verkty på nynorsk er eit krav og der ein legg upp til at heradet skal vera med i ei slik samvinna, lyt difor inn i målbruksplanen.

Til liks med Noregs Mållag meiner me at målbruksplanen lyt koma meir inn på korso heradet skal gjera det lett og godt å vera nynorskelev, både på nynorskskular og på målblanda skular. Me saknar krav til digitale læremiddel og verkty i skulen på nynorsk. Her trengst same samvinna millom alle krafter som skal nytta nynorsk.

Skulen må vera med og gjera nynorsken til eit bruksmål åt alle, og læra upp bokmålselevane òg til å verta godt kjende med og fullt ut i stand til å skriva målet i heradet sitt. Det nye heradet lyt fylgja fyredømet frå Bergen og gjeva bokmålsklassone ein tidleg start med nynorsk, og sidemålsupplæring frå tridje årsstiget. Eit slikt tiltak burde i minsto vore dryft i målbruksplanen. Det er i skulen innbyggjarane fær læra å skriva norsk, og vert gjorde i stand til å taka eigne val um kva mål dei ynskjer å nytta i vaksenlivet. Og det er der heradet og andre arbeidsstader fær folk frå som kann skriva det målet som arbeidslivet krev. Og arbeidslivet, i og utanfor heradshus og heradsstyring, skal kunna krevja nynorsk frå arbeidstakarane sine.

Stødig nynorskbruk frå eit stort byherad er ikkje berre godt for innbyggjarane og sunnmørskulturen, det er ei trygd for alle som vil nytta nynorsk i arbeidet i heile landet. Nynorskt kontormål er ikkje noko kvar og ein som vil nytta det, sjølv skal finna upp, det er noko som finst der ute i alle styringsgreiner, store og små herad, byar og fylke. Arbeidsverkty og -vanar på nynorsk skal vera noko sjølvgjeve. Det er me glade for at det nye heradet vil stydja upp um.

I det heile er det mykje godt i dette planverket som me vonar leidarar og tilsette i heradet tek med seg i det daglege arbeidet, so det vert røyndom av målsetnadene.