Høyringssvar til NOU 2019: 23 Ny upplæringslov

Høgnorskringen verkar for å fremja, verja og dyrka norskt mål i godt lag, og meiner upplæringi i skulen jamt og samt skulde hava til fyreloga å halda fram den norske målarven. Utkastet til ny upplæringslov frå upplæringslovutvalet rekk ikkje, skal upplæringi gjera skuleungdomen fullfør til å bera fram den livande norske skrifttradisjonen.

Måltilnærming og måltyning

Me hev ei leid måltyningssoga i Noreg, og diverre blygjest ikkje upplæringslovutvalet for å fylgja i det faret.

Etter storverket til Ivar Aasen vart det gjort gode upptak til å reisa det norske målet til fullt bruk i heile samfundet. Jamstellingsvedtaket, sidemålsstilen og mållovi pløgde marki so norskt mål kunde veksa inn til fullverdugt rom i det norske samfundet, i fri tevling med det etterleivde danske målet som rådde frå fyrr. Det var ei stor folkeleg, politisk og kulturell framgangssak.

Umsynslause motmenner og målfolk som meinte det var beinaste vegen til eit «norskt» mål i landet å koma det danske målet til møtes, bægde og bøygde denne norskmålsvoksteren av med samnorskpolitikken. Serleg etter 1938 hev framferdi andsynes den klassiske norske skrifttradisjonen vore å slå av, brjota ned og neitta rom. Det hev ikkje nett vore nokor framgangslina for norskt mål, det syner all statistikk og røynsla.

Skulen og skulestellet hev liten heider av denne soga. Hovuddrag i det klassiske målet etter Ivar Aasen fekk ei myrklagd krå i skulemålet, i valfrie sideformer, men burtgøymde i klomber og vonde å finna att i godkjende skulebøker. Klassiske songar, dikt og bokverk vart rengde etter dei nye læreboknormalane, og den upphavlege dåmen vart løynd og døyvd. Skriftbilætet i læreverki vart einsrett etter tilnærmingsformer.

Knapt noko skulebarn er vel gjeve upplæring i i-mål og fylgjestreng rettskriving i etterkrigstidi – anna serhendes um læraren hev vore sterkt medviten um at ein sjølvstendig klassisk nynorsk var verd å dyrka og bera fram for nye ættleder. Like fullt hev dette målet vore halde ved lag, og nye ættleder hev lært seg å føra eit fylgjestrengt klassiskt mål etter Aasen-lina – etter eige tildriv, på fritidi, med elder utan velsigning frå læremeistrane i skulestova.

Styremaktene hev sanna at samnorsklina ikkje førde fram. Skrifttradisjonar er seige, og riksmålsfolket for resurssterkt til at språkteknokratisk målblandingspolitikk greidde å rikka so mykje på det norskdanske bokmålet. Endå rettskrivingi opnar for mykje som kom inn i samnorsktidi, hev det norskdanske målet vorte minder og minder «radikalt» og norsklitt i det «moderate» bruksmålet flest alle ser og skriv.

Dei som heldt fast ved det fulltonande norske målet, hev diverre ikkje vunne fram på same måten, og det synest ikkje vera ende på tilnærmingspolitikken på nynorsksida like vel. Trass i fagre ord frå styremaktene um sjølvstendig nynorsk, um kor verdfullt målmangfeldet er, um at me ikkje skal kalla det målform lenger, men helder skriftspråk
og so burtetter, so er det tilnærming som er leidi det rek etter for nynorsken kor som er.

«Klårspråk»

Upplæringslovutvalet held med vitende og vilje fram på denne leidi. Det er ikkje samnorsk som er siglingsmédet denne venda, men no reknar dei det for godt «klårspråk» å leggja lovmålet so nære bokmålet som rettskrivingi tillèt. Og med di hev dei funne grunngjeving til å tyna alt sermerkt nynorskt ordval.

«Klårspråk» hev målfolket bala med heilt sidan Ivar Aasen. Ser du ei setning frå seint 1800-tal elder fyrst på 1900-talet skrivi av ein nynorsk målmeister, og jamfører med tilsvarande mynstergild (norsk-)dansk, då ser du milevidt fråstand i målføringi. Nynorsken hev alljamt lagt vinn på einfeld setningsbygnad og folkeleg stil, i lovmål, faglege utgreidingar og til dei høgste og mest innfløkte emne. I god nynorsk hev aldri byråkratisk kansellistil med latinsk og tysk-dansk rot høyrt heime.

Det er soleides noko anna en «klårspråk» som er den røynlege grunnen til at god norsk ikkje skal få klinga i lovverket. Det er fåkunna. Fåkunna i utvalet og veik norskkunnskap i folket. Det er merkeleg å finna slikt noko i ei utgreiding um upplæring.

For kva er boterådi når elevar tykkjer det er mødesamt å umaka seg med å lesa ei lovtekst som er skrivi på norsk? Er det å læra eleven betre norsk, lata eleven lesa og venja seg til norske ord og norsk ordleiding? Det skulde me tru, men upplæringslovutvalet meiner det rette her er å janka målet til den kjende bokmålsvanen og taka burt all tilstøring til at nokon skulde tenkja at det radt vøre mun i å kunna norske ord.

I røyndi er det ikkje tala um so sermerkte norske ord i lovi som skal skiftast ut. Det er heilt på det jamne bokmålsnær nynorsk. Me kunde mistenkja at dei som utvalet hev tala med og som tykkjer nynorsk er eit ork å lesa, rett og slett gjev uttrykk for at dei ikkje likar nynorsk. Utvalet hev tunt med prov på at mange ikkje skynar det.

Upplæringi må bøta på stoda

Anten skuleungdomen som hev ytra seg til utvalet ikkje kann elder ikkje vil, er dette vitnemål um noko skulen og upplæringi må gjera noko åt. Det er ikkje ei løysing som gjev god kunnskap og upplæring, den avnorskingi og tilnærmingi utvalet vil hava. Det er då sjølve upplæringi som skal bøta på det som ikkje er fullnøgjande i kunnskapen åt ungdom og vaksne, og dette som utvalet meiner er ei utbjoding, det skulde dei teke med inn i arbeidet med resten av upplæringslovi.

Me sluttar oss heilt til bodskapen som Noregs Mållag hev bore ut: det yverordna og mest dramatiske med denne NOU-en er at han ikkje ser at upplæringslovi er ei heilt sentral mållov. Det er nettupp i upplæringi lykelen til å gjeva landsfolket god kunnskap i og um norskt mål ligg. Det er i skulen me legg grunnlaget for at norsk skal få vera det samfundsberande målet i Noreg for framtidi.

Nedanfor hev me merknader og framlegg til nokre fyresegner i upplæringslovi som me trur kunde styrkja norskkunnskapen i samfundet og betre bera fram den norske målarven.

Målpolitiske føringar bør inn i fyremålet med upplæringi

Målpolitikken til riksstyret fortel oss at bokmål og nynorsk er jamverde og jamstelte skriftmål, og at staten skal fremja jamstellingi og styrkja det minst nytta målet, nynorsk. Det er vanskeleg å skyna korso dette kann bera åt utan at målpolitikken grip langt inn i upplærings- og skulepolitikken.

Ein fyresetnad for jamstelling er at alle vert gjorde i stand til å skriva og lesa nynorsk og bokmål. Det er òg ein fyresetnad for valfridom i målvegen. Ein kann ikkje velja seg eine skriftmålet til hovudmål i skulen elder til eige arbeids- og kvardagsmål i livet, um ein ikkje fær lært båe måli fullgodt.

Den målstoda som målpolitikken vil hava, den lyt skulen gjera mogeleg. Dette er eit fyremål med upplæringi, og det burde koma heilt klårt fram i § 1-2. Difor styd me det tillegget um norskt mål som er attgjeve i NOU-en frå Nynorsk kultursentrum, elder noko tilsvarande. Det må vera ei føring for heile upplæringslovi at upplæringi skal bera uppe kunnskapen i både bokmål og nynorsk, og gjera norskt mål til eit samfundsberande mål framleides.

Fullgod norskupplæring for minoritetar

Utvalet hev fenge innspel um at fritaki frå sidemålsupplæring er for vide, men skriv at det framleides trengst at det «i noen grad» er ope for fritak for «enkelte elever» i grunnskule og vidaregåande skule. Frå dette avgrensa fritaket hoppar utvalet so rett til at det framleides skal vera fritak for «bestemte elevgrupper».

Her syner utvalet låkt skyn, for dette heng ikkje i hop. Fritaksreglane gjeld minoritetsspråklege elevar, samiske, kvænske og teiknspråklege elevar. Det er ikkje tala um «enkelte elever» i «noen grad». Det er tala um ei stor gruppa som sumstad er stormengdi av elevflokken. Minoritetsungdom er òg ei gruppa som er gjevi stor politisk umtanke. Dette er ikkje noko lite undantak frå hovudregelen um at alle skal læra båe måli.

Når politikarane set seg fyre å laga fyresegner og retningslinor for samfundet, hev dei denne gruppa langt framme i medvitet. Det er ikkje noko gale i det. Det som er gale, er måten desse ikkje vert gjevne norskupplæring på. Storhopen av desse elevane er fullt ut før til å taka til seg god norskupplæring, og bør få det. Me må venta like god norskkunnskap av minoritetsungdom som av andre.

Me meiner at fritaket frå å læra både nynorsk og bokmål må stramast sterkt inn i den nye upplæringslovi. Sidemålsfritak må det berre vera der det trengst tilmåting for den einskilde eleven, der vegen mot å læra norsk er ofseleg lang og tung. So må meir av båe måli koma til i skuleløypa etter kvart som eleven er budd på det. Til sist må det vera ei individuell umdøming um eleven er komen so stutt i sidemålet sitt at det ikkje er rett
å setja karakter i faget.

Me kann ikkje godtaka at skulen i so stor mun tek frå ei heil gruppa skuleungdom høvet til å læra norsk. Det bryt ned kunnskapen i og um norsk i heile samfundet, og me hev alt røynt korso det kann spela inn på tankegangen til politikarar og styremakter. I den nye mållovi er framlegget um at statstilsette ikkje skal måtta skriva på båe måli, nettupp grunngjeve med at ikkje alle hev fullgod upplæring i båe måli.

Dette er rang stad å gjera noko med den floken. Me hermer det landssamskipnaden vår, Ivar Aasen-sambandet, skreiv um dette i høyringsfråsegn til ny mållov:

«Det er mesta skakande at [Kultur]departementet skyv fyre seg minoritetsspråklege når det kastar fram ei fyresegn der fullgod norskkunnskap ikkje er eit kompetansekrav til statstilsette. Det er djupt problematisk å setja integreringspolitikken upp mot måljamstellingspolitikken soleis. Me kann ikkje hava hovudreglar for statleg målbruk som retter seg etter at nokre skuleborn ikkje fær skapleg upplæring i norsk. Vanskar som botnar i at desse ungdomane gjeng ut av skulen utan same kompetanse som medelevane sine, kann einast bøtast på ved å byrja gjeva deim like god upplæring. Dei hev like mykje bruk for å kunna skriva norsk, dei som dei hine.»

Rette staden å gjera noko med dette er då i upplæringslovi. Ein samansett folkesetnad med mangslungen modermålsbakgrunn er røyndi i by og land, og den røyndi er sidemålsskipnaden i upplæringslovi i dag ikkje tilmåta. Men upplæringslovutvalet hev ikkje dryft fylgjone av fritaki i dette ljoset. Det hev i grunnen ikkje dryft kor turvande det er med vide fritak helder. Samfundet hev like fullt ei krevjande utbjoding med at mange ikkje lærer so godt norsk som samfundet treng. Dei «fritekne» elevane tarv vera gode arbeidstakarar som meistrar norsk slik arbeidsliv og samfund krev, dei med.

Det ber gale med norskt mål um dette fritaket fær vera like utbreidt og fær breida seg meir og meir frametter.

Målskifte klassar i ungdomsskulen

Me er heilt samde i innspelet frå Språkrådet um at upplæringslovi ikkje må gjera det vanskeleg å nytta nynorsk i skulen. Diverre er ikkje tenkjingi åt utvalet tufta på slike grunnsetningar. Den vantande hugen til å sjå på kva sidemålsfritaki gjer med målstoda, vitnar um det. Denne veike haldningi til kva me i grunnen skal med upplæring, ovrar seg elles her og kvar i NOU-en.

Utvalet torer til dømes ikkje greida ut og fortelja um kva godt det skulde gjera for fyremålet med upplæringi, og for ålmenne og målpolitiske målsetnader elles, um det hadde kome ein rett til å ganga i eigne klassar for elevar med same hovudmål i ungdomsskulen. Utvalet ser dette som ei kostnadssak og ei politisk prioritering.

Når utvalet ikkje vil greida ut dette, vert det ei sak Kunnskapsdepartementet lyt hava på bordet jamsides denne ufullkomne utgreidingi. Skal me hava ein sidemålsskipnad som skapar jamstelling millom måli og valfridom for den einskilde, då lyt vilkòri for å hava anten nynorsk elder bokmål til hovudmål vera like gjenom heile grunnskulen.

Ein lovfest rett til upplæring i og på eige hovudmål og rett til å høyra til ei eigi elevgruppa ut heile grunnskulen er turvande, skal skulen kunna skapa trygt miljø, kultur og gode vanar for nynorskbruk millom nynorskskrivande ungdom på målblanda ungdomsskular.

Digitale hjelperåder på norsk

Høgnorskringen styd bodskapen frå Språkrådet, Noregs Mållag og Norsk målungdom um at krav til tilfang på båe måli òg lyt gjelda for ymse digitale hjelperåder, operativsystem, programvara og dilikt. Upplæringslovutvalet tykkjer ikkje dette er rimelege krav, og ottast kostnaden for heradi som kann henda ynskjer å samkøyra digitale hjelperådpakkor for heile heradsstyringi og alle tenestegreiner, skulen medrekna.

Her varast me endå ein gong kor stuttsynt utvalet er og kor vesale mål det trår etter. Utvalet hev ikkje tanke for kva mun det måtte vera i at krav i skulen gjorde slike hjelperåder tilgjengelege for heile samfundet.

Fullgode hjelperåder på eige mål er noko me må føra til vegar ved å nytta dei politiske og økonomiske musklane stat og herad hev. Det munde visseleg bata, og gjera sitt til at styremaktene når eigne mål um at norsk skal vera samfundsberande. Det munde trengja domenetapi noko attende.

Herad som ynskjer å samkøyra digitale hjelperådpakkor, skulde òg arbeida for digitale hjelperåder på eige tenestemål. Norskt mål høyrer heime i alle tenestegreiner, ikkje berre i skulen.

Nynorsk og bokmål skal vera samfundsberande mål, det segjer riksstyret i mållovi det hev lagt fram. Nynorsk og bokmål skal vera fullverduge mål i skulen, det skal parallellitetskravet i upplæringslovi tryggja. Hadde upplæringslovutvalet havt umsut for dei målsetnader og fyrelogor som er gjevne for norskt mål i skule og samfund, skulde dei ha møtt dette kravet frå målfolket med ihuge og velvilje.

Me vonar Kunnskapsdepartementet evnar sjå vinningane med at skulen gjeng fyre og krev norskt mål i digitale hjelperåder. Den serlege lovnaden frå mållovi um at styremaktene skal styrkja det minst nytta målet, nynorsk, må helder ikkje gløymast av når slike spursmål er fyre.

Målet skuleborn fær møta

Høgnorskringen ynskjer at norske skuleborn skal verta kjende med den klassiske norske skrifttradisjonen som held ved lag grunndragi i målet som Ivar Aasen sette upp. Den hev vore i bruk i alle år, endå styremakter og skulen hev sett inn harde åtgjerder etla til å usynleggjera og tyna slikt mål. Målbrigdet i 1938, læreboknormalen frå 1959 og målbrigdet i 2012 gjekk hardt ut yver klassisk nynorsk. No er bandi godtsom slitne millom stats- og skulenynorsken og so det fulltonande Aasen-målet, og det jamvel um siste målbrigdet kom etter at Stortinget vedtok at me ikkje lenger skulde føra nokon samnorskpolitikk.

Me skynar at den offentlege skulen diverre er bunden av den offentleg vedtekne rettskrivingi, same kor låk ho er, men det må ikkje tyda at alle måltyningstiltaki plent må halda fram like sterkt. Kravi til at læreverk skal fylgja gjeldande rettskriving må ha nokre atterhald innbaka.

Me vil syna til høyringsfråsegni me sende inn til Utdaningsdirektoratet um umbøter i læreplanen for norsk i 2019, der me millom anna skreiv at

«[m]ykje av den gjævaste nynorske bokavlen er skriven på klassisk nynorsk. No som Stortinget hev avskipa samnorskpolitikken, lyt det presiserast at denne bokavlen skal lesast i original klassisk rettskriving. Kunnskap um klassisk nynorsk er ei umisseleg hjelp til kunnskap um målføri og norrønt, og heilt sentralt i kunnskap um målsoga.»

Når skuleungdom les Olav H. Hauge, er det upplagt at han vert lesen på det målet han sjølv skreiv heilt fram til han døydde i 1994, endå det er langt betre mål en skulenynorsken. Når skulen med retto dreg fram kvæde, songar og lesestykke frå Ivar Aasen, Aa. O. Vinje, Arne Garborg, Per Sivle, Anders Hovden og andre, må det òg få vera på det målet desse skreiv. I mange tilfelle er «moderniseringi» av målet gjord i strid med den målsyni upphavsmannen hadde. Det er stygg framferd. Det er òg å viska ut og taka frå elevane innsyn i målstrid, rettskrivingsstrid og målsoga. Dette er helder noko dei burde læra meir um.

Elevane skulde få kjennskap til den klassiske nynorsken slik han ser ut framigjenom åri. Det må ikkje ei lovfyresegn um gjeldande rettskriving i læreverk kunna stengja for.

Elles meiner me at den nynorsken som skal nyttast i læremidli i alle fag, må vera so god som nynorskt skulemål rekk. Difor styd me framlegget i høyringssvaret frå Norskt Måldyrkingslag um at det bør koma med ei setning um fyredømeleg målføring i § 13-5. At læremiddel av alle slag skal koma til same tid og pris på både nynorsk og bokmål og fylgja rettskrivingi, tryggjer ikkje godt nog at elevane fær møta god nynorsk i skulen. Det er fullt mogeleg å føra fælt so ring nynorsk og endå stava alle ordi etter nynorsk rettskriving. Me må setja høgre krav til det målet me byd fram i skulen.

Utgang

Høgnorskringen meiner norsk skulepolitikk allveg må hava til fyreloga å taka nye ættleder inn i den norske målarven, og gjera deim i stand til å bera denne fram. Upplæringslovutvalet hev ikkje synt at det skynar kor stor rolla upplæringslovi spelar for norskt mål og norsk målpolitikk. Kunnskapsdepartementet lyt difor taka fyre seg NOU-en med store atterhald på dette umkvervet.

For framhaldet ventar me at riksstyret med alle departement, utval og nemnder hugsar på at samnorskpolitikken er avskipa. Ein gong må ho stogga, tilnærmingslina som framleides herjar nynorsken.

For styret i Høgnorskringen
Ole Kristian Grønneng
forman