Høgnorskringen takkar for tilsendt høyringsskriv og høvet til å meina noko um grunnsetningane for normeringsarbeidet i Språkrådet. Me hev sendt høyringsskrivet fram åt Norskt Måldyrkingslag, og dette høyringssvaret er gjeve i samråd og samvinna med styret i Måldyrkingslaget.
Me arbeider for den klassiske nynorsken på alle umkverve i samfundet, og for eit norskt mål på eigen grunn utan umsyn til norskdansk eller samnorsk. Me held fram at grunnsetningane som det regelfaste og landsgilde Aasen-målet bygde på, høver best for ein skriven norsk enno i dag. Me meiner det greide Aasen-målet er stygt skjepla gjenom samnorsktiltaki i den statleg styrde rettskrivingi, og at leidi fram for offentleg rettskriving no må vera å retta det som rengt er, reisa det som velt er. Me tel difor til at målet lyt taka stig i den leidi.
Politiske festtalor um at samnorsk ikkje lenger er nokon målsetnad, og at kvart mål skal dyrkast på eigen grunn, lyfter vonene for den offentlege nynorsken. Dei som hev stelt med nynorsken etter desse bodordi bar ut, synest lika vel vera fastna i fari etter den gamle, samnorske stemneleidi. Dei umvølte grunnsetningane for normering av nynorsk gjer ikkje det som trengst, skal me retta eitkvart på mistak og lyte i nynorsknormene frå 1938, 1959 og 2012. Ulikt grunnsetningane for bokmål set grunnsetningane for nynorsk upp ein skilgard imot tradisjonelt mål. Me fær ikkje eit norskt mål på eigen grunn um me gjerder mykje av grunnen ute.
Einsidug tilnærming framleis?
Me er glade for at styremaktene sender bod um at sjølvstende og stabilitet skal hava største tyngdi i arbeidet med bokmål og nynorsk. Det skulde i grunnen gjeva seg sjølv no når samnorskpolitikken er avskipa. Grunnsetningane i høyringsskrivet læst fylgja bodet, men me varast at det lika vel ikkje gjev nokon trygg grunn for framtidi åt ein sjølvstendig nynorsk som stend stødt i eigen tradisjon. Endå styringsbodi talar gildt og godt um nynorsk på eigen grunn, ser ikkje Språkrådet ut til å vilja fria nynorsken frå den samnorske leidi.
Heile soga åt norsk normering hev vore store målbrigde i det norske målet, der tilnærming til det norskdanske bokmålet og nystaving med von um at same skrivemåten skulde vinna fram i det norskdanske målet òg, hev vore innsette beint imot viljen til mange målbrukarar – og imot den fylgjerette indre samanhengen og sersvipen i Aasen-målet. Dei puslute freistnadene på å føra gjenom norske drag i det norskdanske bokmålet er ikkje nøydde gjenom med same krafti. I det vanlege bruksmålet me ser i dag, er det meste attra, og målet ligg på lag som det gjorde i fyrste holva av 1900-talet. Utkoma er soleis heilt og fullt mislukka, um ynsket var eitt samnorskt mål i landet på «norsk folkemåls grunn». Me sit no att med eit sers unorskt bokmål i landet, og so ein nynorsk som er herja av einsidug tilnærming og stygge brot med dåmen og grunnsetningane i det norske målet Ivar Aasen reiste.
I rettesnorene for normering som Språkrådet hev sendt ut på høyring, ottast me at den ulike medferdi bokmål og nynorsk hev røynt frå tidi med vilja samnorskpolitikk, er det Språkrådet meiner må vera lina frametter med. «Stabilitet» vert då at bokmålet stend stødt der det stend, medan nynorsken held ved å svaga og dragast av bokmålstilnærming.
Grunnsetningane for normering av nynorsk fell ikkje saman med grunnsetningane for bokmål
Korso kann me tru dette når skrivet hevdar det fylgjer dei gilde styringsbodi um sjølvstendige mål? Me les i 7.2: «Prinsippa for normering av nynorsk fell i stor grad saman med prinsippa for normering av bokmål (pkt. 6.2).»
Dette er rett og slett ikkje sant. Sjå skilnaden millom «tradisjonsprinsippet» på nynorsk og bokmål til dømes. Bokmålet stend i ein norskdansk riksmålstradisjon, men nynorsken skal hava alle avnorskings- og tilnærmingstiltak dei seinste ættledene til stemneleid framleis.
Bokmål:
6.2.6 Tradisjonsprinsippet
Det er ein verdi ved eit skriftspråk at det kan kjennast att som det same språket over fleire generasjonar. Derfor er det høve til å føra vidare mindre brukte former i bokmålsrettskrivinga dersom dei har ein sentral plass i skrifttradisjonen.
Nynorsk:
7.2.7 Tradisjonsprinsippet
Den nynorske skriftspråktradisjonen strekkjer seg tilbake til 1800-talet, men i normeringa av den framtidige nynorsken må ein framfor alt ta omsyn til dei siste generasjonane. Nynorskrettskrivinga skal føra vidare former som har ein etablert plass i den nynorske skriftspråktradisjonen. Ei innstramming av norma bør ikkje ta ut former som har vore mykje brukte etter rettskrivingsreforma i 1959. I einskildsaker kan det òg vera aktuelt å ta omsyn til tilhøve som ligg lenger tilbake i tid.
Her er siste setningi for nynorsken eit nytt tillegg. Det bøter ikkje stort på den skrikande skilnaden i synet på tradisjon millom bokmål og nynorsk. For bokmål er skrifttradisjonen ein hovudregel. Målet skal vera attkjennande gjenom ættledene. Samnorsken er vraka.
For nynorsken er det derimot gjort eit serlegt poeng av at me ikkje må hava tradisjonen til rettesnor. Den samnorske læreboknormalen frå 1959 skal vera grunnlaget for norskt mål. Den grensa skal fastslegne normeringsprinsipp verja. Me skynar kva dette hev brodd imot.
«Gamalt mål» er ikkje verdfullt og skal ikkje takast umsyn til. Bokheim, skriftkultur, skrifttradisjon, dei prinsipp Ivar Aasen bygde målet på – slike argument skal ingen kunna fara med, dei tel ikkje. Det er berre bokmål som hev ein tradisjon verd å bera, ser me. Vøre nynorsk skrifttradisjon lika mykje vyrd i nynorsknormi som norskdansk målarv er det i bokmål, hadde ikkje tyningstiltaki imot godt mål kunna halda fram. Men det målet som er nytta i strid med samnorsktiltaki, det skal ikkje hava tyngd i rettskrivingsarbeidet – same kor «sentral plass i skrifttradisjonen» det hev havt. Her er det framtidsmålet som skal stiga fram, «moderne» og i «utvikling». Det er samnorskpolitikken um att.
Skal normeringsprinsippi kunna fylgja den offisielt vedtekne målpolitikken um sjølvstendig nynorsk, lyt det vera rom for å sjå burt frå samnorsktiltaki i målet for nynorsken òg. Slik det er for bokmålet.
7.2.1 Stabilitetsprinsippet
«Rettskrivinga av 2012 skal ikkje endrast vesentleg, men det kan gjerast mindre justeringar.» Diverre låg ikkje tradisjon og sjølvstendig vokster utan umsyn til bokmål og planlagd tilnærming til grunn for 2012-målet. 2012-målet er eit framhald av samnorsklina, og eit stort brot med mykje av den tradisjonelle nynorsken. Difor er det i grunn motsegjande at 7.2.7 Tradisjonsprinsippet segjer at «norma [ikkje] bør ta ut former som har vore mykje brukte etter rettskrivingsreforma i 1959». Kva då med alt det tradisjonelle målet som gjekk ut i 2012? Er det berre det 1959-målet som var att i 2012 som skal «førast vidare»? Det må då vera slik me lyt lesa det.
Men dette er ikkje stabilitet. I-målet hev havt eit stort rom i skrifttradisjonen, jamvel etter 1959, endå um det hev vore trengt inn i klomber i rettskrivingi. Det same hev notidsformene stend, gjeng, slær og fær. Det litle romet slikt mål hev havt i rettskrivingi, hev vore eit vilja samnorsktiltak. Sermerkt norsk skulde gøymast burt og tynast ut. Men skrivarar med stor måltame og kjærleik til målet hev halde tradisjonen uppe år etter år. Det kling i målføri og syng i songane våre, og bokheimen ber det fram til nye skrivarar. Det er den faste grunnen for ein sjølvstendig nynorsk.
Det er helder ikkje stabilitet når 2012-målet vandar -stelling og -verde, substantivformi ty og verbformi førde. Etter tradisjonsprinsippet skulde desse skrivemåtane hava full rett.
Med full jamstelling millom det som fyrr var skift i hovudformer og sideformer, er det òg kome til ei umvelting, å kalla, i nynorsken. I redigera og reinskriven offisiell nynorsk var det fyrr vanleg å fylgja hovudformi og nytta mangtalsformer som stader, kvister, medlemer, vener, øyar, øksar osb. Dei som kjenner nynorskt mål godt, skriv so klårt soleis enno, men ein stor slump tekstproduksjon, då serleg i det offentlege, er umsetjing frå bokmål eller skriven frå grunnen av skrivarar med lite nynorsklesing og -øving.
Det som fyrr var mistak som rettleiding og upplæring kunde retta på, hev no derimot full jamstelling og læst vera rett og godt mål. Det kjem ikkje fram at dette er eit stygt brot med tradisjonell nynorsk slik han skulde sjå ut til 2012, og slik dei framleis skriv, dei som kjenner nynorsken. So fær me ein offentleg nynorsk full av stadar og medlemmar og øyer, då, ikkje av di sume hev ynskt det, men av di rettskrivingi ikkje viser veg til tradisjon og stabilitet. Best det er skriv ein urøynd byråkrat Færøyene i eit skriv som skal vera på nynorsk, og fær aldri vita kva ugagn han hev gjort imot stabiliteten i det målet.
Same stoda gjeld for j-lause verb og hokynsord. Normi gjev ingi rettleiding, og bokmålsvane skrivarar utan so varnæmt måløyra fær aldri vita korso formene dei fyrst prøver seg med, bølge og tenke til dømes, skjeplar tonen i målet og gjer det lite attkjennande. Jon Fosse kunde ikkje skyna «at det skulle kunna heita bølge på nynorsk,» sagde han til Språknytt 3/2017. «Å ta vekk j-en her er for meg like gale som å ta vekk j-en i ikkje. Ingen språk er konsekvente, men alle språk har nokre markørar. Det har òg nynorsken, og dei skal ein ikkje tukla med.»
Når 2012-målet er knésett til eit mest ubrigdelegt utgangspunkt, og tradisjonsprinsippet vert tolka soleis at det viser burt all livande skrifttradisjon som ikkje rettar seg etter samnorskrettskrivingane frå 1938 og 1959, set desse normeringsprinsippi effektive stenge mot å vøla og retta på gamle mistak og føra inn att ymist frå den klassiske og tradisjonelle nynorsken som trass i alt var råd å føra innanfor rettskrivingi heile etterkrigstidi – som var nytta i bok og blad, og er det enno.
I staden skal eit bølge– og vennar-mål få vaska burt grunnen ein sjølvstendig nynorsk i røyndi hev stade på til dessa, med di normi ikkje hev nokon reidskap som kann leidretta skrivarar som ikkje veit kor lausrive det er frå tradisjonen, det dei skriv. 2012-målet er ikkje stødet der stabiliteten i nynorsken no er grunnfest. I mange måtar er det eit uppbrot med skrifttradisjonen og meir uppblanding og utvisking av den attkjennande nynorsken som stod på eigen grunn.
Me skal ikkje hava samnorsktilnærming til prinsipp lenger, heiter det. Den lovnaden er lite verd når alt gale som er gjort og gjeld, lika fullt skal standa. Tradisjonell nynorsk som ein gong vart forboden i offisiell rettskriving, skal haldast ute, same kor seigliva den tradisjonelle nynorsken hev vore. Alt bokmålstilsig i bruksmål og talemål dei seinste generasjonane skal derimot kunna vurderast um skal få koma med i normi, sidan det er viktugt å fylgja «utviklingi» i «notidsmålet» mot den «framtidige nynorsken».
Dei samnorskfrie prinsippi, skal vera no, talar um sjølvstendige mål med kvart sin tradisjon, men det syner seg at det er einsidug bokmålstilnærming i nynorsken som er prinsippet framleis. Um Språkrådet vil fylgja målpolitikken i normeringsarbeidet, lyt tradisjon og stabilitet få tyda tradisjon og stabilitet i vanleg meining. Normeringsprinsippi må ikkje definera seg burt frå den klassiske nynorsken slik dei gjer det i dette utkastet.
7.2.8 Ordtilfangsprinsippet
«Ordtilfanget i seg sjølv er ikkje eit normeringsspørsmål», les me her. Denne grunnsetningi hev ikkje vore godt umverna. Med mål um å skjera ned på sideformer i samla tal, gjorde nemndi for 2012-målet mistak i dette stykket. Av di sume ulike ord med lik tyding var sette i lag i ordbokteigen, rekna nemndi deim for sideformer og fekk gjenomslag for at sume av desse eigne ordi skulde strjukast. Det hadde ikkje nemndi noko med. Normeringi frametter må difor kunna senda bod som rettar upp att dette. Språkrådet lyt døma på nytt lag um ordi hokken og koss/hossen og andre ord som er strokne frå ordlista for skuld slike mistydingar. Den som vil nytta ordlaget «hokke som» på nynorsk, fær ingi rettleiding frå ordlista lenger, og tek då etter bokmålsvanen, må me tru, og skriv det «åkkesom». Det var vel ikkje meiningi?
Det er òg ymis annan merkeleg etterrakster etter strik og grip frå 2012-nemndi som de skulde rydja upp i. No gjev Nynorskordboka til dømes tokken av at verbi rydda og temma berre hev denne eine formi, og byd folk skriva deim soleis. Men so er det ikkje. 2012-nemndi fann på at rydja og temja skulde flytjast ut til eigne uppslag – og med di var det likt til at ho greidde minka på sideformmengdi. I ordboki no er det då tvo heilt like teigar for kvart av desse ordi, med nett same innhaldet, med di dei glupe ordbokstyrarane ikkje hev funne på nokon skilnad millom korso folk nyttar temma og temja. Det er ingen skilnad.
Slike knep og krokar hev til fylgja at folk ikkje vert kjende med den tradisjonelle formi når dei slær etter på temma og rydda – eller dei vert lurde til å tru at den tradisjonelle formi ikkje er rett.
Utgang
Normeringi av bokmål og nynorsk legg heilt ulikt syn på tradisjon og stabilitet til grunn. Slik kann det ikkje gjerast um me i sanning skal hava sjølvstendige mål. Nynorsk òg hev ein sjølvstendig tradisjon, men i motsetnad til grunnsetningane for bokmål, er det i grunnsetningane for nynorsk innskrive eigne setningar som er brukande til å stengja denne tradisjonen ute.
Hadde det vore opna for å attra og vøla um på 2012-målet og sleppa inn att tradisjonelt mål, kunde den offisielle nynorsken vore ei utgangsstoda for å bera fram ein tradisjonell og stabil nynorsk som skal få liva og veksa ut frå eigen grunn. Då kunde festtalone um sjølvstendigt norskt mål verta noko meir en fagre ord.
Me trur i grunn ikkje Språkrådet i dag hev so stor uvilje til skrifttradisjonen som me les ut av dette skrivet, og me vonar Språkrådet skal gjera meir til gagn for norskt mål i arbeidet sitt. Til trygd for dette lyt det lika vel til ei større umvøling av måten nynorsk rettskriving vert vølt og vardveitsla på frametter. Desse grunnsetningane tryggjer ikkje det. Dei set ingi stød stemna. Dei peikar for mykje i rang leid.