Norsk målstemna 2022

Norsk målstemna tek i år fyre seg Olav Sletto og Henrik Rytter. Olav Sletto var folkehøgskulemann og bokmann frå Hallingdal. Henrik Rytter var umsetjar og diktar. Han er kann henda mest kjend for umsetjingane av Shakespeare og Den guddomlege komedien. Me fær høyra meir um desse tvo og frå Kristin Fridtun som kom med boki «Kunsten å irritera seg over skrivefeil» i 2021. Er det so at dei høgnorske er serleg høgirritable?

Program

Litteraturhuset i Oslo, laurdag 10. september

Kl. 11.00–12.00: Eva Almhjell: Olav Sletto – han hylla livet, men femna det ikkje
Kl. 12.00–13.00: Kristin Fridtun: Høgnorsk og høgirritabel?
Kl. 13.00–13.30: Matpause med servering
Kl. 13.30–14.30: Ronny Spaans: Diktaren og umsetjaren Henrik Rytter
Kl. 14.30–15.30: Klaus Johan Myrvoll: Henrik Rytter – høgnorskmannen som tilpassa seg

Utferd til Ullensaker, sundag 11. september

Sundagen 11. september held stemna fram med utferd til Ullensaker på Romerike. Meir um dette kjem til hausten.

Norsk målstemna vert skipa til av Høgnorskringen, Norskt Måldyrkingslag og målnemndi i Bondeungdomslaget i Oslo

One thought on “Norsk målstemna 2022

Comments are closed.