Årboki for i år er endeleg komi frå prenteverket. Ho vert send ut til lagslyden næste vika. Boki er elles til sals her og på Norsk målstemna i helgi på Litteraturhuset.
Bibelen på eige mål var lenge eit merke på eit nasjonalt kulturmål. Det var den boki folk hadde mest med å gjera, og bibelmålet hev sett mange spor i målføringi vår. Det var difor eit storhende då Studentmållaget i Oslo gav ut Fyrebilsbibelen 1921 – fyrste heile bibelumsetjingi på norsk. Sume stykke i denne årgangen kjem frå fyrelesnader på Norsk målstemna 2021 som høgtida detta.
Men det er meir: Innehaldet rekk frå eit grannsamt ummæle av storverket Kulten hans Kristofer Uppdal til eit fullt upptal av barnebøkene Norsk Barneblad – elder Sysvorti – gav ut upp gjenom åri. I ollo gjev denne årgangen oss ei vidsveimd umskoding frå vegamotet.