Årboki for 2024 vart sendt ut åt lagslydane i Høgnorskringen og Norskt Måldyrkingslag hausten 2024.
Stutt um boki
Det er i år eitt hundrad år sidan stortingsvedtaket um at Oslo skulde få att det gamle, norske namnet sitt. Me høgtidar detta storhendet med ei rad stykke som tek fyre seg vinna attum namneskiftet, nokre målfolk frå hovudstaden, og motkultur i eit målleite.
Av anna tilfang denne venda kann de lesa sannsoga um ordet ordskifte, fylgja med på snunaden i målet hans Jon Fosse, vitrast um tyngdlegging i lånord på norsk, hugsa etter kva norrøna hadde — og hev? — å segja for norsk målreising, og trøyast med skaldskap og felespel og ymist anna.